Næringsliv | 16. feb. 2020

Marknaden i Os: Januar 2020

Bustadsmarkaden i Os kvikna til liv i siste halvdel av januar.

Marknaden i Os: Januar 2020
Halhjemsmarka i sol og snø i starten på februar. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Herman Brandt)
Midtsidensøndag 16. feb. 2020 08:27

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklar Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I januar 2020 blei det selt i alt 25 bustadar i Os.

Av desse var det 23 brukte og 2 nye bustadar.

Det er 5 færre enn i desember, og like mange som i januar i fjor.

Magert utval kan vera bra for hus som har lagt lenge for sal

Bustadsmarknaden 2020 er i gang, og den ser noko lik ut som starten på både 2019 og 2018. Det byrja roleg før det tok seg opp i siste halvdel av januar.

15 av 25 bustadar blei selt etter 15. januar og salstida hamna på 87 dagar mot 78 dagar i fjor.

Av storbyane i landet var salstida kortast i Oslo med 32 dagar, og treigast i Kristiansand med 100 dagar i snitt.

To av bustadane som blei selt i Os i januar har lagt for sal i over 250 dagar, og blei selt ein god del under opprinneleg prisantyding.

Tilbodet ut i marknaden har ikkje vore det same som i haust, og det som ofte skjer dersom ein opplever eit tilbodsstopp er at hus som har lagt lenge for sal blir selt. Dette er typisk for desember og januar.

Salstider i januar månad vs. snitt same år:
• 2016: 58 vs. 44 dagar
• 2017: 49 vs. 54 dagar
• 2018: 107 vs. 64 dagar
• 2019: 78 vs. 58 dagar
• 2020: 87 dagar

Status på andre sida av fjorden

I tidlegare Fusa kommune vart det ikkje like mange sal i januar.

Det blei registrert to sal med ei salstid på 188 dagar i snitt.

Begge bustadane var einebustadar og blei selt til ein snittpris på kring 1,2 mill. I fjor blei det selt i snitt 3 bustadar kvar månad.

Ved inngangen av februar ligg det 11 annonsar ute for sal, kor kun 2 av dei ligg på første sida til Bjørnafjorden kommune på Finn.no. (50 annonsar pr. side.)

Sal vs prisantyding januar 2019 for Bjørnafjorden kommune:
• 64 % under prisantyding
• 9 % lik prisantyding
• 27 % over prisantyding

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Bjørnafjorden kommune, 41 einebustadar, 21 tomannsbustadar, 39 rekkjehus og 93 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 96 annonsar.

Det er 26 annonsar fleire enn på same tid i fjor, inkludert dei 11 som ligg i tidlegare Fusa.

Tilbodet er utvilsamt høgare enn på same tid i fjor, men har avtatt noko i forhold til den store tilbodsauka vi opplevde i haust. Tilbodet kjem truleg til å auka utover våren.

Etterspurnaden har vore stabil dei siste månadane, og kjem neppe til å avta i nærmaste framtid.

Tilbodet av nybygg har vore høgt i det siste, og totalt antall leilegheitar for sal ligg no på 93 mot 26 på same tid som i fjor.

Tilbudet av einebustadar har meir enn dobla seg frå 20 til 41 på eit år, og i skrivande stund ligg det 126 nybygg og 71 bruktbustadar for sal.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane (Os)

Siste 12 månadar
455 sal
Snittpris: kr 3 461 358,-
Snittpris kvm: 29 766,-
Omsetnadshastigheit: 59 dagar

Siste 6 månadar
219 sal
Snittpris: kr 3 490 506,-
Snittpris kvm: 29 139,-
Omsetnadshastigheit: 74 dagar

Siste 3 månadar
80 sal
Snittpris: kr 3 526 809,-
Snittpris kvm: 28 923,-
Omsetnadshastigheit: 70 dagar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.