Bruarøy sett frå lufta. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Privatmegleren)

Marknaden i Os: Juli 2019

Fersk statistikk: Sånn var eigedomsmarknaden i sommar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I sommarmånaden juli 2019 blei det selt i alt 33 bustadar i Os.

Av desse var det 24 brukte og 9 nye bustadar. Kun 13 av bruktbustadane blei selt via Finn.no.

• Liste og salssum: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i juli?

Det er 20 færre selte bustadar enn i førre månad og 17 færre enn i juli i fjor.

Marknaden i juli

Juli er normalt den månaden med lågast aktivitet i året. I 2017 og 2018 blei det selt 12 bustadar via Finn.no, medan i år blei det selt 13 (mot 47 stk i juni).

Det kom få nye objekt ut i marknaden, og berre éin av desse blei selt same månad. I motsetnad til juli i fjor, som hadde rekordlåg salstid, har bustadane som blei selt i år vore lengre for sal.

Éin bustad blei selt etter 273 dagar i marknaden, og snitt-salstida i juli hamna på 94 dagar. Av sala blei berre 2 av 13 selt over antyda pris. Juli viser det seg at seljar og kjøpar likevel blei einige om pris.

• Sjå òg: Rapport for juni

Markant auke

Allereie dei første sju dagane i august blei det selt 7 bustadar i Os på Finn.no, noko som er meir enn halvparten av heile juli. Marknaden ser ut til å kvikna til live igjen, og aktiviteten er venta å ta seg opp dei nærmaste vekene.

I starten av juli låg det 92 annonsar ute på Finn.no, og ved inngangen av august var talet nede i 75 annonsar. I sommar har det vore lite nytt i marknaden og få sal, men fleire uselte bustadar blei tatt av nett i juni/juli og kjem truleg for sal igjen i haust. Saman med fleire nye objekt.

I tillegg til vi kjemt til å sjå ein auke på tilbodssida vil vi òg oppleva ein auke i etterspurnaden.

Dagens utval og marknad

I byrjinga av august låg det, i Os kommune, 25 einebustadar, 26 tomannsbustadar, 15 rekkjehus, 41 leilegheiter og 3 andre eigedomar for sal på Finn.no - i til saman 75 annonsar.

Det er 17 annonsar fleire enn byrjinga av juli, og på Finn sto fort 3 av annonsane som selt.

Etterspurnaden var låg i juli, men kjem til å auka vidare i løpet av dagane og vekene som kjem. Det høge tilbodet som har vore i vår kan vi venta å sjå igjen no i haust. I fjor låg det kring 100 annonsar ute på nett gjennom store delar av september.

Gode prisar på einebustadane

Av bustadstypane i kommunen skil einebustaden seg ut med over halvparten av sala over antyda pris.

Einebustaden har vore selt etter 37 dagar på snitt hittil i år, mot kring 55-59 dagar på dei andre bustadstypane.

Dersom du er på jakt etter draumebustaden er du truleg ikkje åleine i haust heller.

Prisar og statistikk siste året

Juli 2018 til juli 2019   
Sal totalt: 418
Sal via finn.no: 289
Snittpris: kr 3 367 501,- 
Snittpris kvm: 29 856,- 
Omsetnadshastigheit: 52 dagar

Juli 2017 til juli 2018   
Sal totalt: 404
Sal via finn.no: 266
Snittpris: kr 3 312 550,- 
Snittpris kvm: 29 739,- 
Omsetnadshastigheit: 68 dagar

Både volum, salsprisar og kvm-prisar har auka frå førre 12-månadsperiode, og salstida korta seg ned med over 2 veker.

Fleire saker