Næringsliv | 08. juli 2018

Marknaden i Os: Juni og første halvår av 2018

Juni 2018 blei langt betre enn juni 2017 - og i sommarferien bør du følgja nøye med.

Marknaden i Os: Juni og første halvår av 2018
Flaterås, Gudriflaten og delar av Varåsen sett frå lufta i juli. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Espen Wilhelmsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. juli 2018 14:32

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i mai 2018

I juni 2018 blei det selt i alt 46 bustadar i Os.

Det er 7 færre enn i mai 2018, 10 fleire enn i juni 2017 og 1 færre enn i juni 2016.

Av 46 selte bustadar i juni blei 30 av dei selt før halve månaden var omme.

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i juni - og kva var summen?

Starten av juni starta med mange sal. Dei 3 siste dagane av første veka blei det selt 13 bustadar. Mykje tyder på at den jamne flyten frå mai heldt fram inn i juni. Snittprisane og salstida for juni heldt seg på nivå med mai.

Ikkje så brå overgang til sommar

Ved inngangen av juni låg det 85 bustadsannonsar på Finn.no. 22. juni bikka det heile 100 bustadsannonsar, og i skrivande stund ligg det 76 annonsar ute på Finn. Nokre vil seia at fleire skiftar fokus frå bustadskjøp til sommarferie når sankthansafta er passert.

Det kan gjera at etterspurnaden går ned, noko som står i stil med det synkande tilbodet. For bustadsmarknaden i Os plar ikkje overgangen til sommaren vera like merkbar som i storbyane. Det ligg like mange bustadar for sal no som det gjorde ved inngangen av mai månad.

Les meir om dagens marknad - og kva som er venta i skuleferien - nedst i artikkelen.

Statistikk for første halvår i Os

Første halvår 2016
Antall sal 225
Snittpris kr 2 973 880,-
Snittpris kvm: 28 990,-
**Omsetnadshastigheit: 37 dagar

Første halvår 2017
Antall sal 260
Snittpris kr 3 203 008,-
Snittpris kvm: 29 698,-
Omsetnadshastigheit: 49 dagar

Første halvår 2018
Antall sal 251
Snittpris kr 3 260 303,-
Snittpris kvm: 30 761,-
Omsetnadshastigheit: 72 dagar

Stor prisauke på einebustadar

Snittprisane har auka jamt dei siste åra. Den største skilnaden ligg hos einebustadane. I første halvdel av 2016 og 2017 låg snittet for einebustad i underkant av 4 mill, medan i 2018 låg einebustadane på nesten 4,4 mill i snitt, altså 10 prosent auke frå 2017.

I første halvdel av 2016 tok det om lag 5 veker å selja eigedomen sin i Os. I første halvdel av 2018 har salstida dobla seg, men til gjengjeld blei det selt 12 prosent fleire bustadar til ein høgare snittpris.

Sal vs prisantyding første halvdel av 2018
• 56 % under prisantyding
• 19 % lik prisantyding
• 25 % over prisantyding

I snitt blei 1 av 4 bustadar selt over prisantyding i første halvdel av 2018. Kvar tredje einebustad gjekk over antyda pris, og av leilegheitane gjekk kun 1 av 5 over.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar
414 sal
Snittpris: kr 3 225 385,-
Snittpris kvm: 30 532,-
Omsetnadshastigheit: 68 dagar

Siste 6 månadar
251 sal
Snittpris: kr 3 260 303,-
Snittpris kvm: 30 763,-
Omsetnadshastigheit: 72 dagar

Siste 3 månadar
167 sal
Snittpris: kr 3 262 656,-
Snittpris kvm: 30 792,-
Omsetnadshastigheit: 62 dagar

Dei siste tre månadane har vore med på å auka prisane i Os. Bustadane har auka med 3 % i snitt, salstida har gått kraftig ned og det blei selt ein god del fleire bustadar enn tidligare.

*Prosjekterte bustadar, private sal og heimelsoverføringar vert registrert i den månaden heimelen vert tinglyst, medan annonserte meklarsal vert registrert same månad.

**Omsetnadshastigheita er rekna ut frå bustadar som er selt i den opne marknaden, ikkje prosjekterte bustadar, private sal eller heimelsoverføringar.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 21 einebustadar, 16 tomannsbustadar, 9 rekkjehus, 105 leilegheiter, og 3 andre eigedommar for sal på Finn.no - i til saman 76 annonsar.

Det er 9 annonsar færre enn byrjinga av juni, men éin bustad meir enn i byrjinga av mai.

Som nemnt tidlegare har bustadstilbodet vore synkande i siste del av juni månad. Fleire bustadar vil truleg bli tatt av nett, og det er ikkje uvanleg at det kjem nyheitar i marknaden i løpet av sommaren.

Frå skuleslutt til skulestart i fjor sommar blei det selt over 40 bustadar i Os.

Fleire av desse var nyhende som blei lagt ut i ferien. Om ein fremleis er på jakt etter draumebustaden, eller den perfekte leilegheiten, bør ein ha eit auge ope for kva som blir lagt ut i løpet av ferien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.