Næringsliv | 08. juli 2019

Marknaden i Os: Juni og første halvår av 2019

Fleire sal enn i juni i fjor og uvanleg kort salstid.

Marknaden i Os: Juni og første halvår av 2019
Skeisbotnen og Skeisosen sett frå lufta i juni i år. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Espen Wilhelmsen, Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juli 2019 20:15

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i mai

I juni 2019 blei det selt i alt 53 bustadar i Os.

Det er like mange som i mai og 7 fleire enn i juni 2018.

Av 53 selte bustadar var de 45 brukte og 8 nye bustadar.

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i juni - og kva var summen?

Status i juni: Salstid på berre 13 dagar

Tilbodet var aukande mot slutten av mai månad, og heldt fram inn i juni. Annonsane har lagt på kring 100 stk gjennom månaden fram til siste veka. Nokre eigedomar blei tatt av nett i siste veka, og annonsetala gjekk frå rundt 105 og ned til 92.

Det har vore ein uvanleg låg salstid på dei selte bustadane i juni - 27 dagar. 36 bustadar ble selt i den opne marknaden og fleire blei selt over antyda pris enn under.

Av einebustadane i juni ble det selt 10 stykker i den opne marknaden med ein snittpris på kring 4,7 millionar kroner og ei salstid på 13 dagar.

Det ble selt 15 leilegheitar med ein snittpris på 2,58 mill og ei salstid på 41 dagar.

Stabil bruktbustadsmarknad

Med den store etterspurnaden og det høge tilbodet som har vore den siste tida er marknaden for kvart enkeltobjekt enklare å spå. Prisane er sjeldant langt over eller under det som vert sett som prisantyding.

Det kan vi vera glade for, både seljar, kjøpar og førstegongskjøpar.

Dei eigedomane som bommar med for høg prislapp kan oppleva lengre salstid enn normalt. I dagens marknad er det vanskeleg å manipulera salsummen ved å setja høg prisantydning i forhold til kva interessentane er villige til å betala.

Sal vs prisantyding første halvdel av 2019
• 42 % under prisantyding
• 21 % lik prisantyding
• 37 % over prisantyding

Første halvdel av 2018 såg slik ut:
• 56 % under prisantyding
• 19 % lik prisantyding
• 25 % over prisantyding

Første halvdel av 2019

Eiendom Norge fortell i starten av juli at bustadsmarknaden på landsbasis var 2,6 % høgare enn for eit år sidan. Dette gjeld truleg ikkje i Os.

Leilegheitar var opp om lag 1,1 %, medan einebustad, rekkjehus og tomannsbustad var ned 0,5% det siste året. Truleg var det haustmarknaden i fjor som var med å trekkja ned prisane. Første halvdel av 2019 hadde ei prisauke på mellom 3 og 4 % ifølgje Eiendomsverdi sitt verdiestimat. Eiendomsverdi opplyser at verdiestimatet har samanheng med uvisse.

Til no i år har det blitt selt 229 bustadar i Os. Det er 20 færre enn i fjor og 28 færre enn i 2017, men bruktbustadmarknaden ser tilnærma lik ut i mengde sal. Det har vore ei stor auke i både tilbod og etterspurtnad opp mot sommaren i år, men kanskje noko treigare start på året enn tidlegare år.

Statistikk for første halvår i Os

Første halvår 2017
Antall sal 257
Snittpris kr 3 288 296,-
Snittpris kvm: 28 474,-
Omsetnadshastigheit: 49 dagar

Første halvår 2018
Antall sal 249
Snittpris kr 3 361 947,-
Snittpris kvm: 29 767,-
Omsetnadshastigheit: 72 dagar

Første halvår 2019
Antall sal 229
Snittpris kr 3 391 967,-
Snittpris kvm: 30 109,-
Omsetnadshastigheit: 46 dagar

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 31 einebustadar, 32 tomannsbustadar, 16 rekkjehus, 45 leilegheiter og 2 andre eigedomar for sal på Finn.no - i til saman 92 annonsar.

Det er 16 annonsar fleire enn byrjinga av juli 2018, og 12 færre enn i byrjinga av juni i år.

Tilbodet har halde seg høgt gjennom heile juni, men avtok mot slutten av månaden. Aktiviteten i sommar kjem nok til å vera noko høgare enn før, grunna det høge tilbodet. Gjennom sommaren kan det òg koma nye bustadar for sal, så det er absolutt verdt å følgja med, dersom du er på bustadjakt.

Sommaren kan vera ei god tid å skaffe seg ein bustad utan direkte konkurranse. Juli er normalt ein månad med færre sal, og færre nyheitar. Det er framleis god etterspurnad i marknaden, men fleire flyttar fokus frå bustadskjøp til ferie på denne tida.

Overgangen til sommaren plar ikkje vera like merkbar i Os som den kanskje er i storbyane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.