Næringsliv | 04. juni 2018

Marknaden i Os: Mai 2018

I mai blei bustadane i Os selt dobbelt så fort som i april.

Marknaden i Os: Mai 2018
Flyfoto av Sundøy og Bruarøy. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Espen Wilhelmsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juni 2018 09:02

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i april 2018

I mai 2018 blei det selt i alt 53 bustadar i Os.

Det er 11 fleire enn i april 2018, like mange som i mai 2017 og 3 færre enn i mai 2016.

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i mai - og kva var summen?

Det viser seg at mengda sal i mai det tre siste åra er stabil, men snittprisane på dei selte bustadstypane varierer.

I mai 2016 og 2017 var snittprisane på einebustadane i overkant av 4 mill, mens i mai 2018 var snittprisen nesten 4,8 mill.

Aukande tilbod og god etterspurnad

Trass mange solrike dagar i mai verkar det ikkje som at bustadsmarknaden i Os blir sløv i varmen. Det blei lagt ut fleire eigedomar i mai enn tidlegare månadar i år.

Bustadstilbodet har auka, og det har mengda bustadskjøpara óg.

Det gjer at du oftare møter fleire deltakara på visning og kanskje må bestemma deg fortare. I Os den siste tida har salstid vore høgare enn normalt, og i mai blei over halvparten av meklarsala selt på 14 dagar eller mindre.

I tillegg til kortare salstid har prisane auka i mai.

Sal vs prisantyding mai 2018:

• 59 % under prisantyding
• 19 % lik prisantyding
• 22 % over prisantyding

Fleire bustadar blei selt over prisantyding i mai enn i april.

Eigedomssal og snittprisar i Os i mai

Einebustad: 13 sal
Snittpris kr 4 780 769,-
Snittpris kvm: 22 397,-
**Omsetnadshastigheit: 46 dagar

Tomannsbustad: 8 sal
Snittpris kr 3 050 000,-
Snittpris kvm: 27 537,-
Omsetnadshastigheit: 9 dagar

Leilegheit: 20 sal
Snittpris kr 2 337 748,-
Snittpris kvm: 37 872,-
Omsetnadshastigheit: 59 dagar

Rekkjehus: 12 sal
Snittpris kr 3 057 325,-
Snittpris kvm: 29 137,-
Omsetnadshastigheit: 124 dagar

Tomannsbustadane i mai blei selt kort tid etter første visning, og ingen av dei blei selt under antyda pris.

Samla tal for mai 2018: 53 sal
Snittpris kr 3 306 461,-
Snittpris kvm: 29 236,-
Omsetnadshastigheit: 65 dagar

Tilsvarande tal for mai 2017: 53 sal
Snittpris kr 3 176 390,-
Snittpris kvm: 30 182,-
Omsetnadshastigheit: 45 dagar

Tilsvarande tal for mai 2016: 55 sal
Snittpris kr 2 884 727,-
Snittpris kvm: 31 097,-
Omsetnadshastigheit: 39 dagar

Mai 2018 hadde hatt ei salstid på 39 dagar i snitt, om ein ser vekk i frå eit rekkjehus som blei liggande 620 dagar før det blei selt. I april og mars var salstida på 82 dagar i snitt.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar
406 sal
Snittpris: kr 3 164 819,-
Snittpris kvm: 3 198 358,-
Omsetnadshastigheit: 68 d

Siste 6 månadar
188 sal
Snittpris: kr 3 275 770,-
Snittpris kvm: 30 728,-
Omsetnadshastigheit: 79 d

Siste 3 månadar
154 sal
Snittpris: kr 3 290 169,-
Snittpris kvm: 30 148,-
Omsetnadshastigheit: 75 d

Bustadsmarknaden har auka roleg frå nyttår og fram til juni. I byrjinga av året blei det selt ein god del eigedomar som hadde vore for sal lenge, og det kan ein sjå basert på omsetnadshastigheita frå statistikken over.

*Prosjekterte bustadar, private sal og heimelsoverføringar vert registrert i den månaden heimelen vert tinglyst, medan annonserte meklarsal vert registrert same månad.

**Omsetnadshastigheita er rekna ut frå bustadar som er selt i den opne marknaden, ikkje prosjekterte bustadar, private sal eller heimelsoverføringar.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 23 einebustadar, 21 tomannsbustadar, 11 rekkjehus, 92 leilegheiter, 1 hyttetomt og 1 produksjon/industri for sal på Finn.no - i til saman 85 annonsar.

Det er 10 annonsar fleire enn byrjinga av mai, og 1 av annonsane er allereie selt.

Den høge aktiviteten i bustadsmarknaden den siste månaden har vore med på å auka prisane. I tillegg blei salstida redusert med over 2 veker fra førre månad, noko som kan gje juni månad lågare salstid, mange sal og høge bustadsprisar.

Om auka i bustadstilbodet held fram med same fart som i mai kan marknaden balansera seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.