Næringsliv | 04. apr. 2018

Marknaden i Os: Mars og første kvartal 2018

Halvparten av bustadane er selt i løpet av 14 dagar eller mindre.

Marknaden i Os: Mars og første kvartal 2018
Lysefjorden sett frå lufta over Sperrevik. (Foto: Privatmegleren Vikøyr & Brandt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. apr. 2018 07:05

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I mars 2018 blei det selt i alt 32 bustadar i Os. Det er 12 fleire enn i februar 2018, 11 færre enn i mars 2017 og 3 fleire enn i mars 2016.

2 av bustadane var nybygg, 2 av dei skifta hende utanfor den opne marknaden og dei siste 28 bustadane blei selt i den opne marknaden.

• Førre rapport: Marknaden i Os: Februar

Marknaden i mars og første kvartal av 2018

Den gode flyten i bustadsmarknaden held fram. I mars blei det selt fleire bustadar enn i januar og i februar.

Av bustadane som blei selt i mars tok det i snitt 82 dager før dei vart selt, medan snittet for første kvartal ligg på 86 dagar.

Første kvartal av 2017 blei det selt 132 bustadar på 59 dagar i snitt. Til no i år har det blitt selt 84 bustadar. Det går litt treigare no enn det gjorde før, og mengda sal har òg gått ned.

Sal vs prisantyding første kvartal 2018:
• 53 % under prisantyding
• 12 % lik prisantyding
• 35 % over prisantyding

Eigedomssal og snittprisar i Os i mars

Einebustad: 12 sal
Snittpris kr 4 488 333,-
Snittpris kvm: 27 477,-
*Omsetnadshastigheit: 98 dagar

Tomannsbustad: 9 sal
Snittpris kr 3 101 667,-
Snittpris kvm: 26 157,-
Omsetnadshastigheit: 30 dagar

Leilegheit: 9 sal
Snittpris kr 3 241 476,-
Snittpris kvm: 36 551,-
Omsetnadshastigheit: 127 dagar

Rekkjehus: 2 sal
Snittpris kr 2 632 183,-
Snittpris kvm: 29 617,-
Omsetnadshastigheit: 38 dagar

Samla tal for mars 2018: 32 sal
Snittpris kr 3 365 915,-
Snittpris kvm: 29 951,-
Omsetnadshastigheit: 82 dagar

Tilsvarande tal for mars 2017: 43 sal
Snittpris kr 3 412 901,-
Snittpris kvm: 29 984,-
Omsetnadshastigheit: 63 dagar

Tilsvarande tal for mars 2016: 29 sal
Snittpris kr 3 026 447,-
Snittpris kvm: 28 240,-
Omsetnadshastigheit: 68 dagar

Snittprisane i mars var ganske lik førre mars, men i likskap med andre månadar var det nokre sal som drog salstida opp. I mars 2018 blei det selt fem eigedomar med over 100 dagar i salstid.

Om ein ser vekk frå dei fem, har dei 23 resterande bustadane ei salstid på 16 dagar i snitt.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar
376 sal
Snittpris: kr 3 156 479,-
Snittpris kvm: 30 168,-
Omsetnadshastigheit: 61 d

Siste 6 månadar
153 sal
Snittpris: kr 3 206 809,-
Snittpris kvm: 30 104,-
Omsetnadshastigheit: 77 d

Siste 3 månadar
84 sal
Snittpris: kr 3 259 691,-
Snittpris kvm: 30 468,-
Omsetnadshastigheit: 86 d

* Omsetnadshastigheita er rekna ut frå bustadar som er selt i den opne marknaden, ikkje prosjekterte bustadar, private sal eller heimelsoverføringar.

Snittprisane har auka den siste tida, og ifølje eiendomsverdi.no var det ei positiv prisendring i Os-markaden i første kvartal av 2018.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 18 einebustadar, 14 tomannsbustadar, 11 rekkjehus og 64 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 68 annonsar.

Det er 4 annonsar fleire enn byrjinga av mars. Utvalet i Os har lagt stabilt i mars, og det har vore selt unna ein god del. Dei siste 3 vekene i mars blei det lagt ut 14 bustadar og selt 22.

Det at bustadane som har lagt ute ei stund no blir selt tydar på at marknaden er på veg tilbake på beina.

Mengda sal har gått noko ned, medan salstida og snittprisane har auka.

Til no i år har det tatt i snitt 86 dagar å selja eigedom i Os, medan bergenserane brukte i snitt 40 dagar. Det at omsetnadshastigheita har auka er ikkje nødvendigvis negativt.

Halvparten av bustadane som er selt til no i år blei selt på 14 dagar eller mindre.

Den andre halvparten på alt mellom 15 dagar og 949 dagar (!).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.