Næringsliv | 16. nov. 2019

Marknaden i Os: Oktober 2019

Raskare sal, høgare prisar og større utval.

Marknaden i Os: Oktober 2019
Espen Hjertholm. (Foto: Tor Brødreskift)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. nov. 2019 09:14

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklar Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i september
• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i oktober?

I oktober 2019 blei det selt i alt 38 bustadar i Os. Av desse var 33 brukte og 5 nye bustadar.
Det er 18 færre enn i september, og 6 færre enn i oktober 2018. Det har vore ei auke i volum i oktober månad, og spesielt i marknaden for brukte bustadar.

Utvalet vaks gjennom oktober

Tilbodet av brukte bustadar heldt seg på eit stabilt nivå gjennom september med kring 100 annonsar ute i snitt, men i oktober skjedde det ei endring.

Det blei selt 8 færre bustadar i år enn i fjor.

Det kan sjå ut som at interessentar er meir avventande med bod no enn tidlegare. Samstundes som interessentar tenkjer på kva for eigedom dei skal by på, aukar tilbodet ut i marknaden.

Tilbodet steig gjennom heile oktober, og i skrivande stund ligg det 120 annonsar ute på Finn.no.

Trass det gode utvalet, og nokre avventande kjøparar, blei einebustadane selt raskt og til gode prisar i oktober. I motsetnad til tomannsbustadane, som tok i snitt 187 dagar, tok dei 10 einebustadane 38 dagar i snitt å selja, og 4 av 10 gjekk over prisantydning.

Sal vs prisantyding dei siste tre månadane:
• 55 % under prisantyding
• 23 % lik prisantyding
• 22 % over prisantyding

Snittfart i same periode er 74 dagar.

Leiligheitsmarknaden

I oktober blei det selt flest av bustadstypen leilegheit. Leilegheitane hadde ein snittpris på kring 2,8 millioner, noko som er nær 400.000 kroner høgare enn i oktober i fjor. Nokre færre sal var det i år enn i fjor, men salstida har korta seg ned med eit par dagar.

Sjølv om utvalget av leilegheiter var større i fjor, vert dei i år selt fortare og til høgare prisar.

Tidlegare i haust blei det publisert ei pressemelding om å stramma inn forskrifta om bustadsbelåning frå 5 gongar til 4,5 gongar brutto årsinntekt. Dersom det vert innført kan kjøpekrafta, spesielt til førstegongskjøparane, verte svekka.

Dette vil truleg påverka marknaden, og kanskje leilegheitane meir enn andre bustadstypar. Sjølv om det har vore renteauke den siste tida og varsla innstrammingar, beviser bustadsmarknaden nok ein gong at den lever sitt eige liv med raskare sal og høgare prisar i oktober i år enn i fjor.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 45 einebustadar, 27 tomannsbustadar, 40 rekkjehus og 99 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 120 annonsar.

Det er 35 annonsar fleire enn byrjinga av november i fjor. Det har vore ei kraftig auke i tilbod, med 14 fleire einebustadar, 60 fleire leilegheitar, 3 fleire rekkjehus og 6 fleire tomannsbustadar enn i byrjinga av same månad i fjor.

Av bustadane som i dag ligg for sal er 118 nye og 96 brukte bustadar.

Det ligg no ute nesten dobbelt så mange nye bustadar for sal som i fjor på same tid, då låg det ute 64 einingar for sal.

Eigedomssal og snittprisar

Samla tal for oktober 2019: 38 sal
Snittpris kr 3 789 869,-
Snittpris kvm: 30 466,-
Omsetnadshastigheit: 56 dagar

Tilsvarande tal for oktober 2018: 44 sal
Snittpris kr 3 116 249,-
Snittpris kvm: 29 854,-
Omsetnadshastigheit: 46 dagar

Tilsvarande tal for oktober 2017: 25 sal
Snittpris kr 3 396 900,-
Snittpris kvm: 29 442,-
Omsetnadshastigheit: 65 dagar

Det er store forskjellar på prisane i oktober dei siste tre åra.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane:

Siste 12 månadar
440 sal
Snittpris: kr 3 424 982,-
Snittpris kvm: 29 728,-
Omsetnadshastigheit: 58 d

Siste 6 månadar
278 sal
Snittpris: kr 3 473 530,-
Snittpris kvm: 30 202,-
Omsetnadshastigheit: 55 d

Siste 3 månadar
141 sal
Snittpris: kr 3 462 862,-
Snittpris kvm: 29 487,-
Omsetnadshastigheit: 74 d

Det kan sjå ut som at dei siste tre månadane har vore med på dra ned snittprisen og tempoet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.