Næringsliv | 13. okt. 2019

Marknaden i Os: September 2019

47 % fleire sal enn i september i fjor.

Marknaden i Os: September 2019
Hjelle sett frå lufta i september. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Herman Brandt, Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. okt. 2019 07:49

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I september 2019 blei det selt i alt 56 bustadar i Os.

Av desse var det 37 brukte og 19 nye bustadar. 36 bruktbustadar blei selt via Finn.no.

Det er 9 fleire selte bustadar enn i førre månad og 18 fleire enn i september i fjor.

• Liste og salssum: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i september?

• Førre rapport: Sånn var marknaden i august

Mange sal med høg salstid

I september blei det selt nesten to bustadar kvar dag. Det har strauma til med nye bruktbustadar for sal, men det har òg blitt selt hus som har lagt for sal ei stund.

Berre 15 av dei 36 bustadane blei selt etter første runde med visning, medan 4 av bustadane har lagt på nett i over eit år før dei blei selt.

Snittfarten i september hamna på om lag 96 dagar, noko som er 6 veker lengre enn snittet for september i fjor. Til no i år er salstida på 58 dagar.

Færre bodrundar trass høg etterspurnad

At hus som har lagt lenge for sal no blir selt kan tyda på auka etterspurnad i marknaden. Tilbodet av nye hus i september 2018 var noko lik som i 2019, men i år blei det selt 18 fleire bustadar.

Det kan sjå ut som at det er mange kjøparar i marknaden for tida, men det verkar ikkje som om mange av dei har det travelt. Salstida har auka kraftig, og bodrundane har ikkje dukka opp i like stor grad som før sommaren.

Om lag 58 % av alle bustadar i september blei selt under antyda pris, og berre 17 % gjekk over prisforlangande. Før fellesferien starta låg fordelinga på 33 % under og 36 % over, resten lik prisantydning.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 43 einebustadar, 23 tomannsbustadar, 38 rekkjehus, 62 leilegheiter og 3 andre eigedomar for sal på Finn.no - i til saman 98 annonsar.

Det er 1 annonse færre enn byrjinga av september.

Det har vore ein jamn flyt med nye bustadar for sal, og fleire «liggarar» har blitt selt i løpet av forrige månad. Med denne høge aktiviteten kan vi oppleva ein oktober med mykje folk på visningane, og fleire sal en tidlegare. Det verkar som at både seljar og kjøpar har ein meir realistisk forventning til pris enn det som ein har opplevd i tidlegare marknadar.

Tal frå september 2019/2018

September 2019: 56 sal
Nyheitar for sal: 36
Snittpris kr 3 210 817,-
Snittpris kvm: 29 441,-
Omsetnadshastigheit: 96 dagar

Sal under/lik/over prisantydning i %: 58/25/17

September 2018: 38 sal
Nyheitar for sal: 41
Snittpris kr 3 280 509,-
Snittpris kvm: 29 799,-
Omsetnadshastigheit: 55 dagar

Sal under/lik/over prisantydning i %: 68/11/21

Prisane til no i år

Einebustad
Antall sal: 92
Snittpris kr 4 338 859,-
Snittpris kvm: 26 232,-
Omsetnadshastigheit: 51 dagar

Tomannsbustad
Antall sal: 80
Snittpris kr 3 311 253,-
Snittpris kvm: 28 353,-
Omsetnadshastigheit: 67 dagar

Rekkjehus
Antall sal: 13
Snittpris kr 3 208 050,-
Snittpris kvm: 28 011,-
Omsetnadshastigheit: 57 dagar

Einebustad
Antall sal: 178
Snittpris kr 2 761 634,-
Snittpris kvm: 37 330,-
Omsetnadshastigheit: 58 dagar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.