Markus Johannessen, her på det siste holdet, vann lagsmeisterskapen med 30/19 (foto: Andris Hamre)

Markus best på heimebane

Markus Johannessen vann langsmeisterskapen i feltskyting med tre fleire innerblinkar.

Av: Andris Hamre

Det blei tett i toppen då eldre rekrutt gjorde opp lagsmeisterskapen i feltskyting i Os skyttarlag torsdag ettermiddag. 

Både Markus Johannessen og Gaute Eide Bergstø fylte blinkane med tredve treff, så det blei talet på innertreff som blei avgjerande i klassa for eldre rekrutt. Der var Johannessen sterkast med sine nitten innertreff mot Bergstø sine seksten. Flest innertreff var det Aleksander Ronæs som hadde. Han traff tjueein innertreff, men hadde ein bom på det nest siste holdet og tok dermed tredjeplassen med 29 treff.

Skyttarprins vann på første forsøk

Også på grovfelt var det jamnt i toppen. Arild Røyseth, skyttarprins på landsskytterstemnet i 1984 og 1997, har meldt overgang frå Åsane/Hordvik til Os etter å ha flytta til bygda. 

Onsdag blei han lagsmeister på første forsøk då han skaut 30/15, men den røynde skyttaren fekk tøff konkurranse frå ungjenta Amalie Evensen, som eigentleg er eldre junior. Evensen fylte også blinkane med tredve treff, men måtte sjå seg slått av Røyseth med tre færre innertreff. Evensen vann klassa for eldre junior.

– På grovfelten skaut dei på avstandar mykje likt det dei skal gjera på landsskytterstemnet. Der varierer avstandane frå hundre til rundt sekshundre meter, forklarte Jan Kristian Evensen då Midtsiden var oppom skytebanen.

Andre lagsmeistarar blei Adelheid Røttingen Møller (rekrutt), Kyrre Haugland (junior), Oddvar Drange (V65) og Oddvar Eikemo (V73).

God stemning

Midtsiden følgde dei yngste klassane torsdag ettermiddag og fekk sjå mykje god skyting. Rett nok fekk dei unge skyttarane litt utfordringar då solgangsbrisen kom med noko uforutsigbar vind, men det la inga demper på den gode stemninga skyttarane imellom.

– Mange av dei skyt med kaliber 22. og den er meir følsom enn dei grøvre kalibra, men du har rett i at ungdommane taklar det fint. Det er eit veldig godt miljø og samhold ungdommane imellom. Det trur eg er noko av grunnen til at dei blir verande i skyttarlaget og ikkje sluttar. Rett og slett fordi dei trivst i kvarandre sitt selskap.

Fleire saker