Sport | 08. sep. 2010

Marlin vann

Os seilforening er i si mest aktive periode. I helga sigla dei Askeladden 2010 med innlagt Osmeisterskap. På tysdag var det klart for ein ny Korsfjordtrim.

Andris Hamreonsdag 08. sep. 2010 13:32

På grunn av dei mange regattaene no på hausten hadde Os og Milde seilforeninger slått saman sine to til ein Askeladdensiglas med overnatting i Godøysund.

Svein Skoglund fortel i ei melding om ein eventyrleg seilas med fantastisk vér og vekslande vind.

Starten gjekk laurdag frå Blia, via ei bøye ved Bleikja utanfor Kolbeinshavn, runding bøye ved Gulholmsflua ved innseilingen til Søre Øyane og til mål ved Fluøyane ved Godøysund.

Måtte utsetja starten
Sundag vakna siglarane til eit fantastisk vér, men ingen vind å sigla i. Starten blei difor utsett i nesten to timar.

Vinden veksla både i retning og styrke der den lå ujevnt på utover fjorden.

”Marlin” med Hermod Opstvedt var den som meistra dei vanskelege tilhøva best og stakk av med tittelen Os Meister med god margin.

På grensa
Tysdag var det klart for nok ein Korsfjordtrimmen. Like før start auka vinden i stryke og det blei ein skarp slørlegg frå Blia til Teistane, på grensa av kva full seilføring kunne tåle rapporterer Skoglund om.

Båtane suste av garde i 7 – 8 knop, ved Teistane og i le av Skorpo, var vinden mye mindre og rundingen gjekk fint i det trange sundet. Nokre få prøvde seg med spinnaker på leggen tibake til Blia med mer eller mindre hell. Dei fleste valgte å seile med genoa med vind varierende fra ca 60 – 90 gr. på kursen, vinden hadde løyet litt, men var fortsatt fin.

Båtane sigla runda to gonger.

Båten som denne gang imponerte mest var Albin Nova, ”Lona 4ever” (lys 1.15) med Espen Samnøy, BS, en erfaren Shetland Rase seiler som taklet spinnaker kjøring i sterk vind best. Han vant klassen med 5 min til nr 2 og overall med 2 min og 11 sek til nr 2.

Sjå resultata på Os seilforening si side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.