Lokal | 28. aug. 2010

Mat, dyr og handverk på Øyro

Det var godt med folk då torgdagen opna på Osøyro laurdag morgon.

Mat, dyr og handverk på Øyro
Andris Hamrelørdag 28. aug. 2010 09:24

Tradisjonen tro opna marknadsdagen med frukostservering på torget. Sentrumsforeningsleiar Renathe Iversen Sundberg serverte rundstykker, juice og pålegg til eit 30-tals frammøtte då midtsiden.no var innom ved starten.

SJÅ FLEIRE BILDER PÅ MIDTSIDEN SI FACEBOOK-SIDE

Ost frå ku og sau
Ein av dei nye på torgdagen i år er Osteriet frå Samnanger. Dei presenterer spennande smaker og lukter frå eigenproduserte oster.

- Eg er nysgjerrig på smakar og luktar og elskar å eksperimentere meg fram til nye samensetningar, fortel Bente Getz i Osteriet.

- Vi er truleg ein av svært få som lagar natuleg løype får eigne kyr og mjølkesauer.

- Eg trur det finns ein gard i Telemark som mjølkar sau, men det er den eineste eg veit om, seier Getz.

Ho presenterar i dag produkta sine på torgdagen og gjer meir enn gjerne ein smaksprøve til dei som ynskjer det. Nybakte ostehorn kan du òg få kjøpa.

Ta lunsjen på torget
Det er ikkje berre hos Osteriet du kan få smaka eller kjøpa deg lunsj. Då midtsiden.no var innom dreiv fleire av utstillarane å rigga til gode lunsjalternativ. Om du har lyst på rundstykke med laks, thai-mat, grønnsaker eller anna kortreist mat til lunsj er Osøyro plassen å stikka innom i dag.

Honning som botemiddel
I eit av telta fant vi Gunvald Solberg og kona som driv honningproduksjon på hobbybasis.

- Vi har to typer honning. Sommerhonning som kjem frå biene etter at dei har vore og hjelpt fruktbøndene i Ulvik i blomstringa og lynghonning etter at biene har teke seg ein tur ut i Øygarden, fortel Solberg.

- Visste du forresten at honning blanda med safta av sitron er noko av det beste du kan bruke til å smørje halsen om du er forkjøla, spør birøktaren.

Ri på Keiserlilja
På Kyrkjeflaten dreiv Os bondelag og rigga seg til då midtsiden.no var innom.

Keisarlilja, ei flott fjordinghoppe, var klar til å ta osingar ei lita riderunde rundt kykjeflaten. Kalvar, høns og kaninar å kose med var òg på plass.

Kos med Mette-Marit
Kua Mette-Marit som Martin Lyssand kjøpte frå kronprinsgarden Skaugum tidlegare i sommar hadde òg funne vegen til Kyrkjeflata.

Mellom 12 og 13 kan du la deg bli teken bilde av saman med den kongelege kua. Det finaste bildet vinn ein premie frå sentrumsforeninga. Vinnaren vil bli kåra rett over helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.