Lokal | 14. aug. 2011

Mathias fekk årets største

Kystsogevekene 2011: Fiskekonkurransen i Øyane blei ein stor suksess. Her er vinnarane.

Mathias fekk årets største
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. aug. 2011 15:39

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Laurdag var det opning av Kystsogevekene, med opningsseremoni og Oselvarfestival på Os og vernissasje på Vedholmen Galleri.

Søndag var det ny kystsogedag i Os, i dag med open båt på Hargun og fiskekonkurranse med start på Bunnpris Vedholmen Landhandel.

Varaordførar Marie Elisabeth Lunde Bruarøy sto for opninga og gav ordet vidare til Os Småfiskarlag - før ho sjølv fann fram redningsvest og fiskestang for å delta.

Bak ei kvar sterk kvinne ...
(... står ein mann som er flink å fiska)

Det blei berre 420 gram med fisk på varaordføraren, men mannen hennar Per Henrik Lunde Bruarøy redda familieæra.

Han fekk nemleg dagens nest største fisk, ei lange på 1,6 kilo.

Per Henrik fekk til saman 4,14 kilo fisk frå 12.30 til konkurransen var over klokka 14.30 i dag.

14 fleire enn i fjor

Søndag blei som laurdag, betre vêr og betre oppmøte enn venta. Fiskekonkurransen hadde i år 88 påmeldte mot 74 i fjor og 61 i 2009.

Fiskarane blei delt i tre klassar, der det var premie for dei tre som fekk flest kilo fisk i klassen under 10 år, frå 10 til 16 år og over 16 år.

I tillegg var det premie til den som tok største (tyngste) fisk, uansett klasse.

HER ER VINNARANE

Årets største fisk:
Mathias Dale (11), torsk på 2,42 kilo

Mest fisk, klasse under 10 år (33 deltakarar):
1. Jonas Detjen, 10,4 kilo
2. Fabian Vedholm, 7,54 kilo
3. Martin Heggø, 3,76 kilo

Mest fisk, klasse 10 til 16 år (22 deltakarar):
1. Jens Røttingen, 51,10 (!) kg
2. Martine Sundøy, 12,20 kg
3. Malin Emilie Minde, 3,26 kilo

Mest fisk, klasse over 16 år (33 deltakarar):
1. Åge Røttingen, 22,24 kg
2. Hilde Bode Andersen, 7,5 kilo
3. Anette Milde, 4,78 kg

Sjå også:
Vinnarane av fiskekonkurransen i 2010 og 2009.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.