Sport | 25. jan. 2017

Mathias tatt ut på landslaget

I desember hadde Noel éin fot i NM-finalen, to veker seinare ringte landslagssjefen.

Mathias tatt ut på landslaget
Mathias Enrique Noel, her som publikum på eit boksestemne for born søndag, er klar for landslagssamling til helga og kamp mot Sverige i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. jan. 2017 09:08

I mars i fjor vann han sitt første boksestemne, i desember var Mathias Enrique Noel frå Os irriterande nær NM-finale.

– Etter semifinalen sto dommarane med 3-2 til meg. Eg var sjølv også temmeleg sikker på siger. Men reglane er sånn at ei datamaskin plukkar ut tre teljande dommarar, og resultatet blei 2-1 til motstandaren min, fortel Mathias.

– NM var det store målet for sesongen. Eg blei overraska og veldig skuffa.

Motstandaren tok ein grei siger i finalen, ein finale Mathias føler han like gjerne kunne stått i. Men i etterkant viste det seg at Mathias ikkje gjekk tomhendt frå noregsmeisterskapen.

Inn på landslaget

NM blei arrangert på Jessheim ved Gardermoen nokre få dagar før jul. Rett over juleferien blei pappa Simon oppringt av landslagssjefen.

– Den første kampen min i NM, som eg vann, var ein av mine beste. Etter kampen var det fleire som kom bort til meg med gratulasjonar og fine tilbakemeldingar, også landslagsleiinga.

– Etter å ha blitt så skuffa før jul var det veldig gledeleg at dei hadde lagt merke til meg og inviterte meg med.

Landskamp mot Sverige

Til helga reiser Mathias, som førebels er rangert som nr 3 i Noreg i klassen undgom -70 kg, på landslagssamling i Oslo.

– Om knappe to veker skal vi til Gøteborg og gå landskamp mot Sverige. Eg gler meg veldig til både samlinga og til å møta svensk motstand, seier Mathias, som fyller 17 år i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.