Måtte fjerna mørk film
Politirapporten: Ein bilførar med sota sideruter foran fekk melding om å fjerna filmen som dekka rutene.
Det har vore eit relativt roleg døgn hjå lensmannskontoret det siste døgnet.
- Det einaste eg har å melde i dag er at vi stoppa eit køyrety med "sota ruter" på dei framste siderutene.
- Føraren fekk muntleg pålegg om å fjerna filmen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Det er ikkje første gongen politiet den siste veka har måtte gje pålegg om å fjerna mørk film på framre siderutar.
Bakgrunn for pålegga frå politiet er køyretyforskrifta sin paragraf 31-1, punkt 3, kor det står:
"Vindu skal være tilstrekkelig solid og godt gjennomsiktig fra begge sider. Det må være slik utført at gjenstander som sees gjennom det ikke blir forvrengt. Det samme gjelder for vindskjerm som fører skal se gjennom.
Som solfilter godtas svakt farget glass som ikke gir større reduksjon av lysgjennomslipp enn angitt i den amerikanske standarden ASA Z-26.1 – 1966, July 15 1966. Andre former for solfilter som f.eks. påsprøytet eller påklebet film tillates ikke på noen del av vinduene som fører skal ha sikt gjennom (frontvindu og sidevinduer foran)...."