Lokal | 13. feb. 2014

Måtte forsterka heile skulen

Rehabiliteringa av Os ungdomsskule er praktisk talt ferdig. Den blei 5 millionar dyrere enn venta. Nye krav får noko av skulda.

Måtte forsterka heile skulen
Forsterking av fundamenta gjorde at kostnadane blei høgre. Her frå oppstart av rehabiliteringsarbeida (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 13. feb. 2014 07:26

Måndag denne veka flytta elevane tilbake frå dei midlertidige lokala i landboden og inn i rehabiliterte klasserom i andre høgda på Os ungdomsskule.

Då prosjektsjef Tor Inge Døsen orienterte om skulebruksplanen onsdag måtte han erkjenna at kostnaden blei cirka 5 millionar kroner høgare enn budsjettet.

– Om ein ser dei to ungdomsskulane under eitt så går vi omtrent i null.

– Nore Neset Ungdomsskule ligg an til å bli litt billigare enn vi rekna med, så det vil dekka opp overskridinga på Os ungdomskule, forklarte Døsen.

Måtte forsterka gamle fundament

Ei av hovudårsakene til den auka kostnaden skyldast nye krav i byggeforskriftene.

– Ein betydeleg del av kostnaden kjem frå at vi måtte forsterka gamle fundament.

– Det viste seg at heile skulen sto på leire og at det var 10 meter ned til fjell.

– Då heldt det ikkje med å berre forankra påbygget i fjellet, men også resten av skulen måtte takast, så no står heile bygningen på fjell.

– Samstundes må det påpeikast at skulane aldri har bevega seg. Det er ingen grunn til å ropa varsku, men det er større sikkerhetskrav no enn det var på 60-talet, forklarte Døsen.

Dårlegare enn venta

Eit anna moment Døsen peikte på var at skulen var i dårlegare forfatning enn det ein hadde rekna med då arbeida tok til.

– Vi freist å kartleggje dette før prosjektet, men fekk ikkje med oss alt. Vi kunne ikkje riva ned skulen for å undersøka før vi byjra, men måtte ta det undervegs.

– Nokre feilgrep har vi gjort sjølv også i høve varmeforsyning og elektrisitet den første vinteren.

– Då sleite elevane og lærarane med å halde varmen og det beklagar eg.

Vanskeleg å beskriva

Også kostnaden med midlertidige lokaler i Landboden drog på med ekstra utgifter.

– Landbodenløysinga har kosta omlag 2 millionar. Så mykje var det ikkje satt av.

– I tillegg veit vi at rehabilitering ofte får fleire tilleggskostnader enn nybygg. Det er ikkje enkelt å beskriva eit rehabiliteringsprosjekt til 70-80 millionar kroner.

– På nokre områder var nok beskrivinga litt mangelfull, sjølv om eg freista å stille dei kontrollspørsmåla eg kunne, fortalde prosjektsjefen.

Nore Neset godt i rute

Arbeida på den nye ungdomsskulen skal vera ferdig til påske.

– Veka før påske skal dei vaska ned skulen.

– Rett etter påske skal rektor få gå i gang med å innreia skulen med møbler. Leverandør er vald og vi skal i eit møte med dei for å avtala logistikken.

– Det har vore eit fint samarbeid med entreprenøren Hent. Dei har styrt prosjektet veldig godt.

– Nokre tilleggsarbeider har det blitt der òg, men vi har redusert dei totale kostnadane meir enn tillegga har kosta.

– De må hugsa at på desse to prosjekta er det tilsaman snakk om 240 millionar kroner.

– Klarar vi å halde det, skal vi vera kry og tilfreds, avslutta Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.