Kultur | 06. aug. 2016

Måtte frakta M&M rett på flyet

Kaoset på Flesland ved ankomst fredag gjorde at Pro Sec tok ikkje tok nokre sjansar då Marcus og Martinus skulle heim frå Osfest.

Måtte frakta M&M rett på flyet
Marcus og Martinus blei frakta direkte til flyet ute på rullebanen på Flesland då dei skulle heim frå Osfest laurdag (privat foto)
Andris Hamrelørdag 06. aug. 2016 19:33

Ifølgje gutane sjølv venta 200 elleville fans opp då Marcus og Martinus landa på Flesland fredag kveld.

– Det stemmer at det blei litt kaotisk på Flesland i går.

– Vi måtte senda folk ned der for å hjelpa dei ut av flyplassen og til hotellet i går kveld, stadfestar vaktsjef Bjarte Erstad frå Pro Sec AS.

65 venta på nytt

Laurdag fekk tryggleiksselskapet melding om at det sto 15 ungjenter utanfor Flesland og 50 inne og venta på at idola, i håp om å få eit møte med gutane.

Dei blei skuffa, mykje takka vere ein av dei frivillige på Osfest.

– Det var ikkje ønskeleg for Avinor eller for oss som skulle ta i vare tryggleiken til Marcus og Martinus. Heldigvis var det ein av dei frivillige her på Osfest som jobbar på Flesland og som tok kontakt med flyplass-leiinga og vaktselskapet slik at vi kunne køyra dei direkte ut til flyet etter konserten.

– For å unngå kaos på Os rett etter konserten sørgja vi i tillegg at dei gjekk rett i bilen i det dei gjekk av scenen slik at vi fekk dei mot Bergen med éin gong. Heile operasjonen gjekk veldig greit og smertefritt takka være hjelpa vi fekk frå dei frivillige i staben på Osfest, skryt Erstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.