Lokal | 07. juli 2010

Måtte gje opp

Føraren av eit vogntog skapte kluss i Søvikåsen i går.

Måtte gje opp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juli 2010 08:09

Det var trongt om plassen då eit vogntog prøvde å kjøra gjennom Søvikåsen og Helleskaret på veg frå Lysefjorden til Ulven og Os i går.

- Han kom til den første krappe svingen, men der gav han opp. Det blei litt kaos ei stund, med bilar framfor og bak medan han måtte rygga heile vegen ned igjen, fortel ein Midtsiden-tipsar.

Det er ikkje første gong at vogntog eller semitrailer overser skiltet om akseltrykk og følgjer GPS til ein veg dei ikkje høyrer heime. Denne gong kjørte bilen seg heldigvis ikkje fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.