Lokal | 19. juni 2018

Måtte skilja to vaksne slåstkjempar

Politiet rykte ut til eit nabolag måndag ettermiddag.

Måtte skilja to vaksne slåstkjempar
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juni 2018 07:18

Måndag i 18-tida rykte politiet ut til ein bustad litt sør for Os sentrum.

– To menn i 40-50-åra slåst, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ingen av dei var alvorleg skadd, men partane blei skilte og fekk pålegg om å halda seg vekke frå kvarandre til dei var blitt edru.

Politiet skildrar episoden som eit gjentakande problem.

– Er det ein pågåande nabokrangel?

– Nei, dei er ikkje naboar. Eg har inntrykk av at dei i utgangspunktet er kameratar, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.