Mattias (12) blei vestlandsmeister i motocross

Med suveren førsteplass på Bømlo blei det siger også samanlagt for Mattias Eide frå Os MC og MX klubb.

Mattias Eide tok ein leiken siger på Bømlo og vann klassen 11 til 12 år samanlagt. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. sep. 2016 11:05

Mattias Eide, som fylte 12 år i april, har køyrd motorsykkel sidan han var 5 år og satsar for fullt på motocross.

Etter ein noko uheldig sesong avslutta han med full klaff på Bømlo.

– Han har gjerne vunne det eine heatet og punktert i neste. Men han har alltid fullført, om det så var med flatt dekk, så han har sanka poeng heile sesongen, fortel mamma Veslemøy Bø.

Før femte og siste VM-runde hadde han 4., 3. og 2. plassar. I siste løp gjekk alt knirkefritt, og då var Mattias suveren!

Vann med eit heilt minutt

I tidskvalifiseringa var han òg betre enn klassen over, 13 til 15 år, i første heat vann han med eit minutt.

– Andre heat vann han med 35 sekund, men då var han så nøgd at han tok seg tid til å halda litt show og vinka til publikum.

Ved sidan av dei fem VM-rundane har Mattias køyrd begge NM-rundane. Den eine enda med 7. eller 8. plass, det andre løpet blei det ein respektabel 3. plass.

Fleire osingar på pallen

I Mattias sin klasse kom klubbkameraten Daniel van Wyk på 3. plass. Daniel er frå Bergen, men køyrer for Os MC og MX.

Frå Os har òg Storm Hjertholm Pedersen gjort det skarpt, han kom på samanlagt 3. plass i klassen over, 13 til 15 år.

Cherin Isabel Eide tok 3. plass i dameklassen.

Til Spania med satsingsgruppe

Ved sidan av å senda foreldra land og strand med campingvogna, så han får trent på gode banar, er han del av satsingsgruppa Kenneth Gundersen Team, og reiser blant anna til Sverige og Spania for å trena.

– Han skal «opp til ulvane» neste år, 13 til 15 år er ein tøff klasse, så han må endeleg trena, seier Veslemøy.

Ho håper sonen skal få seg tre treningsturar til Spania i vinter.

– Vi gler oss veldig til ny bane i Os er klar, sånn det er no så reiser vi til Stord, Bømlo og Sotra for at han skal få trena skikkeleg, vi har sikkert hatt til saman to månadar i campingvogn i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.