MC-førar til sjukehus
Ei kvinneleg MC-førar blei frakta til sjukehus etter velt onsdag kveld.
Rett etter klokka 20 onsdag kveld fekk naudetatane melding om ei trafikkulykke på E39 Byvegen ved Er-An Auto. Ein MC hadde velta.
Vegen blei ei lita periode stengd medan ambulansepersonell hjalp kvinna.
– Kvinneleg mc-førar vert frakta med ambulanse til Haukeland, meldt politiet klokka 2034.
I følgje BA var kvinna i 50-åra.
– Vi veit ikkje korleis velten har skjedd, men det er ikkje mistanke om høg fart. Det var heller ingen andre køyretøy involvert, sa operasjonsleiar Lars Geitle til avisa.
Fekk sleng
Politiførstebetjent ved Os lensmannskontor, Rune Fimreite fortel torsdag morgon at ho kan ha fått sleng på motorsykkelen.
– Ut frå opplysningane i loggen ser det ut som ho har fått sleng då ho køyrde ut frå bensinstasjonen, seier Fimreite.