Lokal | 08. juli 2009
MC mot bil på Thuen
Ein bil kolliderte med ein motorsykkel på Thuen i dag. Ingen blei alvorleg skadd.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. juli 2009 11:45
Like før klokk 11 onsdag formiddag rykte politi, brannvesen og ambulanse ut til kollisjon på Thuen.
- Eg kom kjørande frå Os og svingte av mot Særvoll. Eg såg ikkje motorsykkelen før det var for seint, seier føraren av bilen, ein BMW, til midtsiden.no.
Motorsykkelen kolliderte i bilen si høgre side. Verken bil eller motorsykkel hadde passasjerar, og ingen av dei to førarane blei alvorleg skadd i kollisjonen.
Føraren av motorsykkelen sto på staden, men såg ut til å vera lettare skadd i den eine foten. Han blei tatt med i ambulanse til lege for sjekk.