Lokal | 10. jan. 2017

Med æra i behald

Lesarinnlegg: Torsdag 12. januar 2017 kan mykje blir avgjort for Os og Søre Øyane. Dette er dagen då politikarane må stå for det dei har sagt - eller ikkje.

Med æra i behald
Kobbavågen: På desse holmane, ifølgje vegvesenet sine skisser, vil brua landa. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. jan. 2017 09:59

Statens vegvesen sine planar om landsetting av bru i Søre Øyane er lagt ut til høyring, og Os kommune kan koma med sin uttale.

For vel fem år sidan kom dei første urovekkande signala på at det var planlagt ei bru tvers over Bjørnafjorden og til Søre Øyane. På dette tidspunktet var det vel dei færraste som eigentleg hadde tru på at noko slikt kunne skje, men nokon av oss tok signala på alvor, og var ute i god tid med åtvaringar.

Den gongen starta me med eit veldig lokalt opprop, og me er i dag tilbake der me starta. Historia er kjend for dei fleste, og det er skrive metervis med spalter – dei aller, aller fleste mot ei slik løysing.

Folkeaksjonen har lagt ut bilete og teikningar av til dels overdrivne løysingar, men ingenting kan likevel samanliknast med det som kjem i verkelegheita.

Når alt kjem på bordet, og første maskin står på plass med gamleskulen, er det for seint å snu.

Det er i dag lagt fram forskjellige forslag til løysing – alle med landing rundt og i Kobbavågen. At skjergarden vår og heimplassen i Øyane skal «skånast» med tunell, er dessverre å halda folk for narr. Alle som ser planane meir i detalj, skjønar at dette er slutten på det meste av urørt natur.

Søre Øyane er ein tettstad med 1017 fastbuande pr. desember 2016, ifølgje Statistisk Sentralbyrå. Med eit areal på 1,02 kvadratkilometer er dette eit av dei mest folketette områda mellom Stavanger og Bergen. Os kommune har akkurat passert innbyggjar nummer 20.000, og er ein av dei raskast veksande kommunane i Noreg.

Kommunestyret i Os har 35 representantar, heile seks av dei representerer Søre Øyane.

Det er 17 prosent av styret! I tillegg er det sju varamedlemmer med bustad eller sterk tilknyting til plassen. Skulle talet representera talet på menneske, burde det bu 3 400 i Øyane, og ikkje vel 1000. Det er nok ikkje nokon andre krinsar som er så vel representert.

Dette i seg sjølv burde gje ro i sjela til dei mest engstelege av oss, men nei. Paradoksalt nok er det med desse politikarane vi risikerer å øydelegga naturen, Kobbavågen og skjergarden vår for all tid, med ein ordførar frå plassen i spissen, til og med! Forstå det den som kan.

I kommunestyret i februar 2013, vart det gjort vedtak om at Os Kommune ville gå for midtre trasé med bru over Bjørnafjorden med landing i Bjørnatrynet.

Ei løysing med bru i Søre Øyane og med veg i dagen, ville ikkje bli akseptert! Flott!

Alle løysingar som i dag er lagt fram inneber veg i dagen. Det er planlagt anleggsveg gjennom Øyane og til Kobbavågen, som seinare skal gjerast om til gang og sykkelveg. Med andre ord er dette i strid med kva Os kommunestyre vedtok.

Kjære politikarar, spesielt frå Søre Øyane: Det er mange som reknar med at de held ord, og står for det som de vedtok i 2013. Forkast difor alle forslag som i dag er lagt fram frå Statens vegvesen, og be om ny utgreiing for indre trasé. Med veg gjennom Elvedalen utover mot Pilaneset eller gjennom Søramarka mot Kobbavågen, gjer dette uboteleg skade for all tid. Det verste er likevel ei firefelts bru midt i fleisen der ute alle veit kvar …

Hugs at de har gått på val for at dette ikkje skal skje. Stem med æra i behald.

Geir Magne Johnsen Moberg
Leiar, Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.