Sport | 04. mars 2010

Med begge lag i kvarten

2 av 24 lag i Tornado Bergen sin vinterliga er klar for kvartfinale. Begge heiter Lysekloster.

Med begge lag i kvarten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. mars 2010 11:44

Lysekloster 1 og 2 fekk ein god start i Tornado Bergen sin vinterliga, TBWL. Torsdag for ei veke sidan slo det nyoppretta 7. divisjonslaget Lysekloster 2 Lyngbø sitt andrelag, som spelar i 6. divisjon, heile 8-0. I går spelte Lysekloster 1 den siste av tre innleiande rundar, og vann 7-2 over Løv-Ham 3.

- No er vi puljevinnar med begge lag, og dei første to som er klare for kvartfinale, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal nøgd.

Siger i 5 av 6
Dei to laga frå Lysekloster har spelt tre kampar kvar. Bortsett frå mot Hasund Hund laurdag, ein kamp som enda uangjort 3-3, har alle enda med siger til Lysekloster.

Her er Lysekloster sine resultat i puljespelet:
Lysekloster - Arna-Bjørnar 2: 5-3
Lysekloster - Hasund Hund: 3-3
Lysekloster - Løv-Ham 3: 7-2
Lysekloster 2 - Eidsvåg: 3-0
Lysekloster 2 - Skjergard: 3-1
Lysekloster 2 - Lyngbø 2: 8-0

Ikkje heilt toppa
Lysekloster, som rykte opp frå 7. divisjon i haust, har no ein stall på over 30 spelarar. Derfor har dei også oppretta eit andrelag, som i år er meldt på i 7. divisjon. I vinterligaen har Lysekloster 2 slått lag frå 5. og 6. divisjon.

- Vi brukar vinterligaen til å sjå kven som passar best på kva lag, så dei har vore delt i to ganske like lag. Og vi kjem også til å ha spelarar som er med begge lag, og spelarar som tar steget til førstelaget i løpet av sesongen.

- I ligaen har vi brukt nokre spelarar på begge lag, men med liknande reglar som i serien, at dei ikkje kan starta for begge lag.

- Nøkkelen er å halda banen grøn
Sandal seier han er nøgd med det han har sett av spelarane sine til no, men at dei også har funne ting som må betrast på før sesongstart.

- Den fysiske formen er jamt over god, men vi har ein del å trena på når det gjeld kvar enkelt si oppgåve på banen, og på struktur og innarbeiding av spelestil.

- Heldigvis har vi eit idrettslag som har vore veldig flinke til å halda banen grøn denne rekordvinteren. Det er der det startar, skal vi førebu oss godt nok så er gode treningsforhold veldig viktig, seier Lysekloster-trenaren.

Kvartfinalane i TBWL blir spelte på Krohnsminde helga 20. og 21. mars

Ekstern lenkje:
Tornado Bergen TBWL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.