Kultur | 06. des. 2009

Med blanda kjensler

Blant rundt 200 private Oseana-sponsorar stakk Alutec AS av med Mæland-skulpturen "Dansar".

Med blanda kjensler
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. des. 2009 21:38

Bildeserie:

1 av 5

Til saman 200 privatpersonar og bedrifter hadde same sjanse til å vinna Mæland-skulpturen "Dansar". Dei som var med i trekninga var privatpersonar og bedrifter som har kjøpt andelsbrev eller stolsete i Oseana, folk som på eit eller anna vis hadde støtta med liten eller stor sum, hadde kvar sitt lodd.

Under nedlegginga av grunnsteinen til Oseana laurdag plukka politibetjent Pål Haga opp nummeret som gjorde at Alutec AS vann skulpturen, som har ein verdi på rundt 30.000 kroner.

- Det hadde vore kjekt om nokon andre enn Alutec hadde vunne denne, sa Espen Aspenes då han og broren Knut Jarle tok imot skulpturen.

Alutec er ikkje blant dei som har støtta Oseana minst. Saman med Drageset, Moly AS og Trollhaug Invest AS har dei danna gruppa «Kulturvenner av Os», som har gjeve 4,7 av dei rundt 7 millionane som har kome inn frå privatpersonar og bedrifter.

- Eg liker kunsten til Arne Mæland godt, og blei sjølvsagt glad for skulpturen. Men det hadde vore kjekkare om ein privatperson hadde vunne akkurat i dag, sa Espen til Midtsiden.no etter seremonien.

- Vi får plassera den ein stad der mange kan ha glede av den, kanskje i Oseana når det står ferdig. Vi skal diskutera litt kva vi gjer med denne flotte «Dansaren».

Det er også andre som har gjeve større beløp til OKK-kampanjen:
1 bedrift og 2 privatpersonar har gjeve kvar sine 250.000 kroner.
1 bedrift har gjeve 200.000 kroner
1 bedrift og 1 privatperson har gjeve 100.000 kroner
I tillegg har bedrifter kome med både 40.000, 50.000, og 60.000 kroner i støtte.

Målet med OKK-kampanjen, som starta i juni 2008, var å få inn 10 millionar kroner. 7 millionar kom inn og Os kommune jobbar meir måøretta mot større enkeltsponsorar for å få inn dei siste millionane i denne delen av prosjektet.

Les også dei relaterte sakane under.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.