Lokal | 12. mars 2013

Med eit klart fokus

Os Fotoklubb får 30 000 kroner i KUP-midlar. Prosjektet "Klart fokus" vil gje eit positivt sanseinntrykk for bebuarar og tilsette i kommunale institusjonar og bustader.

Med eit klart fokus
Nyvald leiar i Os Fotoklubb, Simen Soltvedt, speidar etter gode motiv for utsmykkinga av institusjoner og bustader (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 12. mars 2013 13:37

I samband med formannskapet si tildeling av KUP-midlar (Kultur Utviklings Program) 19. februar var Os Fotoklubb ein av gruppene som blei tilgodesett med midlar.

Prosjektet "Klart fokus" har som formål å utsmykka institusjoner/bustader innan helse- og omsorgsområdet og å gje medlemmane i fotoklubben ein motivasjon og eit læringsutbytte i fotograferinga si.

- Vi var utruleg glade for støtta frå formannskapet, og har allereie satt ned ei prosjektgruppe som skal jobba vidare, fortel nyvald leiar i fotoklubben Simen Soltvedt.

- Kva vil dei ha

Solvedt fortel at dei har vore i kontakt med kommunalsjef Nils-Petter Borge som etter ei runde med sine folk skal melda tilbake kva dei ønsker seg og kor det er aktuelt med utsmykkinga.

- Vi ønskjer å skapa eit positivt sanseinntrykk for bebuarane og dei tilsette på dei institusjonane/bustadene som blir med.

- Vi vil difor høyre med dei aktuelle fagpersonane kva dei tenker om utforming og innramming.

- For oss i fotoklubben er dette eit stort og spennande prosjekt, smilar Soltvedt.

Utstilling først

I desember 2011 stilte fotoklubben ut nokre av bileta medlemmane hadde tatt i Hvelvet i Oseana.

- Vi merka eit stort oppsving etter den utstillinga.

- Både rundt bileta fotoklubben tok og i høve til medlemstilstrøyming, forklarar leiaren for klubben som no tel vel 50 medlemmar.

- I tillegg gav utstillinga medlemane ei positiv oppleving gjennom meistringsfølelse og det å få tilbakemelding på bileta sine.

- Før vi kjem så langt at biletene blir hengt opp på institusjonane og bustadene tek vi sikte på å ha ei samla utstilling.

- Det er jo ikkje slik at alle til einkvar tid er innom ein av institusjonane, seier Soltvedt.

Gjev vekk bileta

Engasjementet og interessa for å vera med på prosjektet er stor blant medlemmane ifølgje Soltvedt.

- Medlemmane har vore veldig positive.

- Bileta som blir plukka ut vil jo bli gitt vekk til institusjonane frå dei som har teke dei, så det er ingen vil tena penger på prosjektet, forklarar leiaren.

Han ser for seg at dei ikkje kjem til å hengje opp enkeltbileter, men serier eller samlingar over eit tema eller motiv. Utsmykkinga vil truleg koma på plass i løpet av hausten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.