Lokal | 03. juni 2012

Med hagebenk som baksete

Russetid året rundt? Ein ung sjåfør er meldt etter at han blei stoppa i Røtingavegen i natt.

Med hagebenk som baksete
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. juni 2012 09:29

I 3-tida natt til søndag stoppa politiet ein bil i Røtingavegen.

– Ein benk stakk ut på sida av døra, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Erik Hole.

Benken var ikkje del av eit flyttelass, men brukt som baksete for passasjerar.

– Det var kanskje litt morosamt, men det er ikkje lovleg. Den unge føraren har ikkje hatt lappen lenge, men det burde han visst, meiner Hole.

Føraren blei meldt for forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.