Kameraet og sonane, Emil og Lasse, er ofte med når Bjarte Løvaas Haugland er ute på tur (foto: Andris Hamre)
Kameraet og sonane, Emil og Lasse, er ofte med når Bjarte Løvaas Haugland er ute på tur (foto: Andris Hamre)

Med kamera og sonane på tur

Bjarte Løvaas Haugland fann igjen gleda med å fotografere. Det har gitt både internasjonal og norsk heider, sist to sølv i haustens NM-runde.

Andris Hamre
15. november 2014 - 9:21

I oktober vann Bjarte Løvaas Haugland «Trierenberg Super Circuit», verdast største internasjonale fotokonkurranse, med bildet «Attack Close Up».

No har bildet hausta ny heder og ære med sølv i NM arrangert av Norsk Selskap for Fotografi (NSFF).

Bildet viser sonen Emil Heidal Haugland (9) som blir «eten» av ei sjøløve på Akvariet i Bergen.

– Eg er i ferd med å bli kjendis eg, smiler Emil når Midtsiden møter far og son saman med bror Lasse (7).

– Ja, det blir ein del bilde kor gutane er med, innrømmer fotografen.

Eit augeblikksbilde 

Om vinnarbildet fortel Haugland at det blei eit tilfeldig blinkskot.

– Vi var på Akvariet og plutseleg kom sjøløva og opna kjeften rett framfor Emil.

– Eg knipsa i veg utan å sjå gjennom linsa og var så heldig å få eit blinkskot.

– Etterpå oppdaga vi at det var trenaren i Akvariet som ba sjøløva gjera det med eit hemmeleg teikn bak ryggen på oss, smiler Haugland.

Glad i regnet

Familien, som òg omfattar mor og endå ein bror, er glade i å koma seg ut på tur. Far Bjarte har sjølvsagt med seg kameraet.

I NM-konkurransen leverte han inn endå eit bilde, «Rain Trip», kor Emil er motivet.

– Vi var på veg ned frå ein topp på Kvamskogen då det byrja å regna.

– Emil var likevel blid og nøgd, så eg måtte be han ikkje vera så blid då eg tok bildet, ler Haugland.

Bildet blei heidra med nok eit sølv i konkurransen. I tillegg fekk Haugland antatt (betyr positiv merksemd) tre andre bilde og heiderleg omtale av eit fjerde. 

Alle bilda Haugland hadde med i konkurransa kan du sjå i serien øvst i denne artikkelen. I tillegg til Haugland stilte Simen Soltvedt, Tore Solvang og Silje Lepsøy i konkurransen og fekk heider for bilda sine.

Bidraga i NM finn du her.

Mista lysta

Haugland er utdanna frå Mediehøgskulen Gimlekollen. Etter å ha jobba som pressefotograf i BA i eit par år mista fotografen gleda med å ta bilde.

– Det var ei kjekk tid i BA og eg trivst godt.

– Men eg mista etterkvart gleda med å fotografera og tok ikkje i kameraet på eitt år etter at eg slutta der.

– Sjølv ikkje familieselskapa blei det fotografert, fortel Haugland.

Fotoklubben gav gløden

For om lag to og eit halvt år sidan blei han invitert til å vera med i Os Fotoklubb av Rolls Royce-kollega Torbjørn Helgesen.

– Torbjørn visste kva eg hadde jobba med tidlegare og lurte på om eg ikkje hadde lyst til å vera med å bidra i fotoklubben.

– Det var det som skulle til.

– Tilbake kom lysta og gleda med å utforska både kamera og motiv, fortel Haugland, som i dag er nestleiar i klubben.

Lærar av kvarandre

Haugland fortel at det sosiale miljøet, og å få lov til å utforska fotograferinga saman med andre, gir mykje. 

– Vi har det veldig kjekt, både sosialt og fagleg.

– Både i Os Fotoklubb og i Bekkalokket, som eg òg er medlem i, hjelper vi kvarandre.

– Du ser gjerne eit bilde nokre andre har tatt og lurer på korleis dei har klart det. Då er det berre å spørja og læra korleis dei gjer det.

Har blitt lidenskapen

Etter åra med pause er foto igjen blitt lidenskapen for Haugland.

– No er det det ja. Eg elskar å utfordra meg sjølv fotografisk og testa kameraet sine yttergrenser, mellom anna med lange lukkertider. Gjerne opp i ein halvtime.

– Det er utruleg spennande, for du har ikkje peiling på korleis resutatet blir.

– Du vurderer ikkje gjera det til eit levebrød då, no som du har hausta så mykje heder og ære?

– Tja, eg har kanskje noko på gang, men eg veit ikkje enno kor eg ender som fotograf i framtida.

– Éin ting er sikkert, eg har lyst til å gjera det som er gøy og ikkje hamna tilbake i at fotograferinga berre blir ein jobb.

– Det er ein tøff bransje, så eg får sjå, smiler Haugland litt løyndomsfullt.

Vil du sjå fleire av bilda til Bjarte finn du dei her.

 

Les meir om

Kultur