Næringsliv | 06. jan. 2011

Med kjetting på glatta

Skobutikkane opplever ville tilstandar på glatta. «Alle» skal ha broddar.

Med kjetting på glatta
Andris Hamretorsdag 06. jan. 2011 10:17

Dei siste dagars regn og mildvêr har gjort det speilblankt på fortau og vegar. I går gjekk teknisk sjef Haldor Fosse ut og ba folk sko seg etter tilhøva. Den oppmodinga ser det ut som folk fylgjer.

- No skal «alle» ha isbroddar eller denne kjettingvarianten, fortel Anne Berit Moberg hos T. Moberg Sko då ho visar fram yaktraxen (iskjettingen) ho onsdag ettermiddag hadde solgt omlag 50 par av sidan mandag.

- Tidlegare var det berre «gamle damer» som kjøpte broddar. No er kundane i alle aldre og fasongar, ler Moberg. Sjølv menn i 30-åra kjem innom for å bli skikkelig skodd.

Ho anbefalar kjettingvarianten eller dei skikkelege isbroddane med piggar framfor dei som har ei keramisk såle om du skal ut å gå.

- Varianten med keramisk såle grip ikkje på det føret vi har no, forklarar Moberg.

Fem på ein halvtime
Også konkurrentane på Flåten opplever stor pågang om dagen. Per Ove Fimreite som eig både Eurosko og Økonomisko fortel at isbroddane nesten går ut fortare enn dei klarar å få dei inn i butikkane.

- Då eg opna butikken onsdag morgon solgte eg fem par berre på den første halvtimen, fortel Fimreite.

Nesten krise
Fimreite fortel at det er nesten krise om dagen. Leverandøren byrjar å gå tom på lager og etterspurnaden er stor frå heile vestlandet.

- Det er nesten småkrise. Leverandøren slit med å levera både nok og fort nok, seier Fimreite som ventar inn ei ny ladning av iskjettingane i løpet av dagen.

- Eg har fått tak i ein modell frå ein annan leverandør i tillegg, så eg har nokre i butikken, men det byrjar bli vanskelegare å få tak i nok i alle størrelsar, avsluttar Fimreite.

Vi må nok rekna med glatte tilhøve også i dagane som kjem. Vêrmeldingane lovar null-føre og snø/regn iallefall fram til mandag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.