Lokal | 30. juli 2011

Med Måløy på jakt

Osingen Tor Inge Myklebust Lie reiste onsdag på vel 4 månaders Nato-oppdrag som skipssjef på mineryddaren Måløy.

Med Måløy på jakt
Andris Hamrelørdag 30. juli 2011 07:19

KNM Måløy gjekk onsdag 27. juli frå kai på marinebasen Haakonsvern, for å delta i Natos ståande minerydderstyrke. Kapteinløytnant Tor Inge Myklebust Lie er osingen som er skipssjef på mineryddaren. Han ser fram til oppdraget.

Besetninga på KNM Måløy er ei god blanding gastar, matrosar og offiserar. Totalt 36 mann. Fartøyet skal etter planen vera ute i det internasjonale oppdraget i fire og en halv månad.

- Det blir lange perioder borte frå familie og vener, men vi skal legge opp til at mannskapa får reise heim, eller at vi får dei heime til å kome og vitje oss i ei hamn, seier kapteinløytnanten.

Hamnevitjingar

For det er ikkje berre jobb og slit som møter dei hardtarbeidande sjøsoldatane. Oppdraget er planlagt i detalj, med hamnevitjingar i fleire europeiske storbyar.

- Vi skal vitje hamner i Belgia, Nederland, Polen, Irland og Skottland, og vi har fleire velferdstilbod på plass. Turen blir veldig tung om ikkje alle trivs, men uansett kva vi gjer når vi ligg til kai er dette ikkje noko cruise!

- Det blir lange dagar heilt klart, fortell skipssjefen.

Gode kapasitetar

Skroget har dei siste månadene vore gjennom ei omfattande oppussing, og har fått installert nye sonarar som vil hjelpe til å finne miner lagt dypt under vannflata. Samstundes har mineryddaren med seg ein god hjelpar med namn Hugin.

Hugin er ein fjernstyrt undervannsbåt som systematisk kartlegg havbotn med sonar, for så å sende eit detaljert bilete tilbake til operatøren. Hugin sine kapasitetar bidreg til KNM Måløy sine moligheitar for å finne miner, og dermed aukar sannsynligheten for å vinne ei av dei uoffisielle konkurransane som blir halden innad i minerydderstyrka.

- Det konkurreres i å finne den første minen, samt å finne og sprenge fleist miner i løpet av perioda. Med våre kapasitetar har vi store ambisjonar, avsluttar skipssjef Tor Inge Myklebust Lie.

Tekst: Christian Johannessen, Sjøforsvaret

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.