Kultur | 12. jan. 2010

Med MGP-sug i magen

I morgon reiser Skanksters til Bodø for å førebu seg på delfinale i Melodi Grand Prix. Her kan du høyra smakebete av låta!

Med MGP-sug i magen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. jan. 2010 14:15

Laurdag er det tid for andre delfinale i MGP, og blant anna Stavanger-bandet Skanksters sin tur til å gå på scenen.

- Vi i bandet såg første delfinale saman, og eg må seia at vi fekk litt sug i magen då vi såg den store scenen og oppfatta kor stor denne produksjonen er, seier Knut Asbjørn Fjellvang til Midtsiden.no.

Kjefta på seg plass i bandet
Fjellvang (tangentar) og Tom Brekke (vokal) er opprinneleg frå Os.

- Tom flytta til Stavanger for ein del år sidan, og var med å starta bandet i 1992. Eg blei med i 1995, etter at eg hadde kjefta på dei for at dei spelte ska utan orgel, fortel Knut.

I si tid i eit anna Os-band, Vicious Fishes, opplevde han nokre gongar å ha Skanksters som oppvarmingsband.

- Orgel høyrer med i ska-musikk, som er forgjengaren til raggae, gladmusikk med høgt tempo. Sjølv om eg bur i Bergen kunne eg ikkje takka nei til å pendla til Stavanger. Når du jobbar i reiselivsbransjen kan du ikkje kvi deg til å reisa, seier Fjellvang.

I dag blei 30-sekundars snuttar lagt ut på NRK.no.
Her kan du høyra smakebetar av låtane du kan stemma på, også Skanksters sin Life Is Here Today.

- Vi blir veldig glade om vi får støtte av folk frå heimbygda, det hadde vore stort å gå vidare til Spektrum.

Til Bodø onsdag
I morgon reiser bandet til Bodø, frå torsdag morgon er det tettpakka program fram til delfinalen startar laurdag kveld.

Desse spelar i andre av fire delfinalar i årets MPG:
Venke Knutson
Skanksters
Tomine Harket
Maria Arredondo
Heine Totland
Alexander Stenerud
Hanne Haugsand

Skanksters
Skanksters består av Tom Brekke på vokal, Hans Morten Eckhoff på trombone, Karen Haugsgjerd Reme-Stigel på saksofon, Gunnar Dybvig på gitar, Knut Fjellvang på tangentar, Ingvard Mjelde Olsen på bass og Frode Gundersen på trommer.

Les også:
Intervju med Tom Brekke på nrk.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.