Med øl som pensum
Laurdag kan du setja deg på skulebenken. Friminutta blir fuktige.
Det har vore travelt for gjengen bak Bjørnafjorden Bryggeri i det siste. Under Bergen Ølfestival brygga dei seg til solide resultat, og salet gjekk så det suste.
På invitasjon frå Empire- og Catten-eigar Bjarte Andersen vert det no ølskule i nattklubben i Telthuskvartalet.
– Vi ser at omsetnaden av øl aukar, samtidig går brennevin noko ned, ser Andersen, som i går fekk skjenkeløyve på nettopp brennevin på utestaden Empire.
I 2016 hadde Catten 40 ferske og erfarne ølbryggarar på ølskule med 7fjell, no blir det kurs på Empire med endå meir lokale Bjørnafjorden Bryggeri.
Laus ramme med smaking i fokus
Tarjei Øiestad Skeie frå BfB seier at å halda ølskule i Os er ei naturleg utvikling for det nyoppstarta bryggeriet.
– Vi er tydelege på kvar vi kjem frå, og då er det ekstra kjekt å kunna gjera noko heime i Os og Bjørnafjorden.
– Det vert ein kveld med nerding om øl, men vi skal snakka og smaka oss gjennom forelesninga. Alle historiene og faktaopplysningane vert understrekte med smaksprøvar, seier Øiestad Skeie.
Sosial skule
– Kven kan eller skal gå på ølskule?
– Alle som likar øl eller lurer på om dei likar øl, kjem det kjapt frå Tarjei.
– Sjølve forelesninga varar i to timar, etter det er det frileik og sosialisering. Øl er kultur, og ølkultur handlar om å prata og snakka øl.
– I tillegg vert det kulturell underhaldning frå trubadur Tore Grimstad vidare utover kvelden og natta.