Kultur | 10. des. 2012

Med premiere på Os

VIDEO: Kristine Bjånes tek med seg venninnene i Taus og inviterar til premiere på «JulePost med Taus» i Oseana onsdag. – Vi gru-gleder oss, smiler dei fire.

Andris Hamremandag 10. des. 2012 18:34

Heilt sidan dei møttest på diverse musikklinjer på lærarskulen for 12-13 år sidan har dei fire venninnen sunge saman. Først fleire år i koret Voci Nobili, der dei fekk med seg eit omfattande turnéliv heile verda rundt.

Dei seinaste åra har dei brukt stemmene sine i vokalgruppa Taus.

- Dei siste åra har vi jobba saman med Karoline Krüger på julekonsertar.

- I år ville vi gjera det litt annerleis og legg difor ut på ein liten juleturné saman med Robert Post, fortel osingen Kristine Bjånes.

Premiera til Os

Dei fire var med på festframsyninga då Oseana opna og falt for huset med éin gong.

- Vi har heile tida hatt lyst til å koma tilbake, og no når vi skulle ut på turné og besøka heimplassane våre måtte vi sjølvsagt få til ein konsert i Oseana, smiler bømlingen Elin Hestenes.

Turneen går frå premiera på Os til Bømlo og Ålesund før det heile blir avslutta i Oslo.

- Vi valde oss Os i staden for Bergen, fortel dei fire.

Klassisk høgtid med glimt i auge

Etter å ha vore på ei av dei siste øvingane til jentene er vi overbevist om at du vil i god førjulsstemning er det verdt å legga turen til Mobergsneset onsdag.

- Vi har prøvd å skapa ein julekonsert med klassikarane og med kyrkjeleg høgtidsstemning, blanda med amerikansk jul og litt tull og tøys, forklarer Elin.

Med Post på laget

Dei fire jentene er svært nøgd med at dei har fått med seg Robert Post på laget.

- Vi har lenge hatt lyst til å synga med Robert, han har så fin stemme, synes Beate Kvalsvik.

- Og eg gler meg like mykje. Det å få synga med ei så dyktig vokalgruppe Taus er utruleg kjekt, repliserer Post.

Kjem i mål

Framleis står det igjen litt finpussing før premiera onsdag, men jentene har roen.

- Vi gru-gleder oss og reknar med at alt fell på plass innan onsdag.

- Vi er vel eigentleg der vi skal vera, avsluttar Irene Adolfsen, den siste av dei fire som utgjer gruppa.

Sjå video for måndagens øving i Oseana (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.