Lokal | 19. nov. 2018

Med silke til Valhall

Fortidsminneforeninga i Os inviterer til foredrag i Os Folkebibliotek.

Med silke til Valhall
Åse Eriksen skal forelesa om historisk tekstil på Os folkebibliotek. (Ill: KVB/ Fortidsminneforeninga - Os)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 19. nov. 2018 10:06

Torsdag 22. november kan du høyra Åse Eriksen fortelja om arbeidet med formidling av funn og arbeidet med gjenskaping.

I ei pressemelding skriv Fortidsminneforeninga - Os lokallag:

I Oseberggrava vart det funne fragment av 15 importerte silkestoff. Etter opning av grava vart det naturleg nok fokus på dei store gjenstandane, men i arkivet i Kulturhistorisk museum ved universitetet i Oslo har ein hatt dei 110 fragmenta av mønstra silkestoff.

No er dei forska på, og det er skapt rekonstruksjonar på grunnlag av studiar av mønster og vevemetodar. Den som har arbeidd med rekonstruksjonane er tekstilkunstnar Åse Eriksen, og ho kjem til Os folkebibliotek torsdag for å fortelja oss om funna og dette arbeidet. Det er eit ope møte, og alle er velkomne. Mange har interesse for Osebergfunnet frå 1904 som ein del av vår felles kulturarv, og no har ein fått meir kunnskap om tekstilane frå dette funnet.

Kunstnaren Åse Eriksen har si basisutdaning i tekstil frå Bergens kunsthåndverksskole i åra 1977-1982. Ho har arbeidd aktivt med tekstilfaget i alle år, primært som utøvande kunstnar, men også som utsmykkingskonsulent og med verv i kunstnarorganisasjonane. Ho har undervist og halde foredrag.

I kontrast til mange tekstilkunstnarar i Åse sin generasjon, har ho halde seg til klassiske veveteknikkar, og har utforska desse med stor bredde. Døme på dette kan væra transparent vev, flensvev, mønstervev og fargesjatteringar i bandvev som utgjer eit harmonisk heile. Og arbeida hennar har alltid hatt god kvalitet.

Hennar gode kjennskap til ulike veveteknikkar har også gjort henne til ein skatta kunstnar når det gjeld kyrkjetekstilar. Hun har også hatt verv i Fagråd for kirkekunst i Bjørgvin bispedømme frå 1999 til 2009. Ho har i dette året vunne konkurransen om bispekåpa til Stavanger domkyrkje. Det er ein samanheng mellom silkestoffa frå Oseberggrava og dei kostbare kyrkjetekstilane som vart nytta nokre hundre år seinare. Dei er vevde i same teknikk, og i tillegg til silke er dei også berika med gulltrådar.

Arbeidet med dei historiske tekstilane har ført Åse Eriksen inn i eit internasjonalt forskingsmiljø som vi også vil få høyra noko om.

Åse Eriksen er også aktuell som utøvande kunstnar i Os. Verket hennar kalla Flora er ny utsmykking i foajéen i Tunet kyrkje- og kultursenter. Der gjev ho oss ein ny utgåve av tekstilkunst med assosiasjonar til den tradisjonelle åkleveven. Vi kan kjenna att mønsterelement, men både i fargehaldning og den tredimensjonale opplevinga vi får med dei vridde vevebanda, får vi eit nytt og friskt uttrykk. Kunstverket endrar seg når vi går forbi, noko som gjev ei spesiell involvering for oss som opplever verket.

Kom og opplev Åse Eriksen på Os folkebibliotek.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.