Lokal | 07. sep. 2009

Med softgun på moped

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. sep. 2009 08:54

Medan elevande ved Os vidaregåande skule hadde storfriminutt fredag, rigga politiet seg opp med trafikkontroll i Kolskogheiane.

- Éin blei meldt for kjøring utan gyldig førarkort. I tillegg fann vi ein softgun, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Guten som hadde softgun kjørte moped, og løfta setet for å henta vognkort då politiet oppdaga at det var meir enn papir under rumpa til mopedisten.

- Sidan mopedføraren er under 18 år har han ikkje lov til å ha softgun. Han samtykka i at vi kunne destruera denne, seier politiet.

Med og utan promille
Politiet hadde promillekontroll på Drangsvegen frå klokka 1.14 til 2.00 natt til laurdag. Berre éin bil dukka opp, og er var sjåføren heilt edru.

Laurdag i 6-tida om morgonen fekk politiet melding om ein full ungdom som låg skadd i Kuvågen.

- Han hadde hol i hovudet, men har truleg kome frå fest og ramla. Vi kontakta ambulansepersonell, og dei tok seg av han.

Mannen er i 20-åra. Det er også mannen som blei funnen svært rusa utanfor Tanngarden natt til sundag. Også han blei tatt hand om av helsepersonell.

I 1-tida natt til laurdag fekk politiet melding om bråk i ballbingen i Varåsgrenda. Då patruljen kom fram fann dei ein rusa gut under 18 år, så då blei foreldre kontakta.

Snoking og bensinavstikk
I 20-tida laurdag kveld fekk politiet melding om snoking i postkassar i Idrettsvegen.

- Nokre utlendingar hadde opna fleire postkassar i området nær Rema 1000. Vi rykte ut, men då var dei vekke. Dei skal ha hatt syklar med seg, seier politiet.

Måndag morgon fekk politiet melding om at ein kvit Jeep Cherokee i helga stakk frå bensinrekninga hos Esso. Bilen hadde falske skilt.

Politiet har også fått melding om kyr i vegbanen i Hegglandsdalen. Her blei bonden kontakta. Nokon i Øvre Varåsen meldte også frå om mistenkeleg aktivitet, men dette viste seg å vera militærøving nær bustadområde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.