Med stø kurs mot KM
Askøy, som nesten øydela for Os i Norway Cup, blei slått på Kuventræ i går. Men gutelaget til Os putta ikkje så mange som dei hadde håpa på i serieinnspurten.
– Gutane var svoltne på storsiger i går. Askøy stilte med 10 mann bak og ein på topp mot oss i Norway Cup, og fekk straffekonken dei hadde håpa på.
– Vi slo dei der òg, men onsdag ville vi vinna og med mange mål, seier trenar Bjørn Mjelva.
Os - Askøy 3-1 (3-0)
Målskårarar, Os: Bjarte Halhjem, sjølvmål og Sander Kvittingen
Bjarte Halhjem sette inn 1-0 på straffe etter at Eimil Halvér blei felt nær 5-meteren. Bjarte pressa også motspelaren som sette inn sjølvmål til 2-0. Sander Kvittingen sørgja for 3-0 til pause.
– Førsteomgang var årsbeste, vi burde ha leia endå meir til pause, meiner Mjelva.
Fyllingen hakk i hæl
Os sitt gutelag toppa tabellen for 1. divisjon før gårsdagens tredje siste kamp. Men Fyllingen ligg a-poeng og med lik målforskjell, men tre færre skåringar.
Fyllingen speler sin 9. runde i kveld, mot Voss på heimebane, ein kamp Mjelva har tenkt å få med seg.
Os sine to siste kampar går borte mot Sotra og heime mot Tertnes (torsdag 8/11 kl 20), begge motstandarane er på øvre halvdel av tabellen og kan by på motstand.