Medaljedryss etter travel helg
Kjørte både bilcross og rallycross: Det blei dobbelt opp og god utteljing for Karoline Breivik i helga.


Førre helg hadde bilcrosskjørar Karoline Breivik (17) sin rallycross-debut i innleigd bil som ho stilte med i NM i Kristiansand.
Helga som var sto bilcross for tur, i tillegg fekk ho ein ekstra runde med rally.
– Det passa sånn at ho kunne ha bilen ein ekstra dag, så då fekk ho stilla til start også i rallycross, seier coach Håvard Gåssand frå Team Karoline.
Då det ikkje var andre juniorar i rallycross måtte ho kjøra ein klasse opp, mot to volvoar med 2,4 liters motor, mot Karoline sin med 1,6 liter.
– Ho tok alle tre startane, men kom naturlegvis eit stykke bak dei to andre til mål. Likevel var dette god trening, seier Gåssand.
Vann C-finalen
I bilcross hamna Karoline på 3. plass i dei tre første heata.
C-finalen vann ho, dermed fekk ho også kjøra B-finale, der ho kom på 4. plass.
– Det er mange god kjørarar i bilcross, men 8. plass av 18 deltakarar er bra, synest Gåssand.
No står to løp igjen av sesongen, eitt på Eikås om ei god veke, eitt på Vikedal i oktober.