Medaljehaust på Årungen

Dei yngste junioaren tok fire medaljar, dei eldste vann og held stø kurs mot kvalifisering til nordisk i juli.

Kjetil Vasby Bruarøy
25. mai 2011 - 9:43

I helga stilte Os roklubb med seks deltakarar i Østlandsregattaen på Årungen i Ås kommune.

Junior A, 17-18 år: Lars Kristian Moberg, Erling Øyasæter og Amund Bjønevik.
Junior B, 15-16 år: Torbjørn Sperrevik Hansen, Arne Hadler-Olsen og Mattias Haugland.

Sølv og tre bronse

Dei yngste roarane deltok i singel- og og dobbeltsculler begge dagane.

– Gutane har trent godt. På åpningsregattaen for 14 dagar sidan, også det på Årungen, klarte Mattias å ro seg inn til to flotte tredjeplassar i sitt heat, så vi hadde håp om medalje også denne helga, seier rosjef og trenar Audun Hadler-Olsen.

Dei 32 deltakarane i junior B blir delt i heat på 6 deltakar med premiering per heat. Mattias vann sølv og bronse, Arne vann to bronse.

Siger og klvalifisering

Østlandsregattaen er også kvalifiseringsregatta for nordisk meisterskap, som i år går i danske Sorø 2. og 3. juli.

– Det blir satsa gjennom regionar, eller kraftsenter som vi kallar det for, i år òg. Kraftsenter Vest er for roarar frå Ålesund til Stavanger, så her er det kamp om både plass i båten og å slå dei andre kraftsentra i Noreg.

Dei tre junior-A-roarane frå Os er alle aktuelle for å ro 8-ar, to av dei, Amund og Lars Kristian, var med på å ta gull i nordisk i fjor.

Både Amund, Lars Kristian og Erling sat i båten for Kraftsenter Vest då dei vann i 8-ar no i helga, så dei er alle aktuelle for nordisk etter to av tre kvalifiseringsregatta.

Amund er i tilegg aktuell for deltaking i toar utan styrmann. Her ror han saman med Martin Helseth frå Ålesund.

– Amund og Martin vann den første kvalifiseringsregattaen og dei vann i helga. Mykje skal gå gale i siste runde, som går i Stavanger 4. og 5. juni, om dei to ikkje skal kvalifisera seg til nordisk i juli.



 

Les meir om

Sport