Sport | 14. mars 2010

Medaljehaust på Sveio

Os Karateklubb tok laurdag seks medaljar med seg heim frå Sveio.

Medaljehaust på Sveio
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. mars 2010 08:45

Bildeserie:

1 av 1

Laurdag stilte Os Karateklubb med fleire deltakarar i vestlandsmeisterskap på Sveio. Dei fleste reiste heim igjen med medalje.

- Henrik Reed-Larsen fekk gull i kamp (klasse 16 til 17 år) og Åsmund Slettevoll fekk gull i både kamp (klasse 14 til 15 år) og kata. Dei to var suverene i sine klassar, fortel Heine Øvredal frå Os Karateklubb.

Trond Blomberg var også suveren i kata for senior, der han tok klubbens fjerde gullmedalje.

Tonje Skeie Hjelle gjorde som Åsmund, stilte opp i både kamp og kata. Også ho tok to medaljar, sølv i kamp og bronse i kata.

- Vi hadde også med fleire deltakarar i dei yngste klassane, der det ikkje blir gjeve plassering. Desse viste god innsats og fin teknikk, seier Heine.

Tre medlemmar av Os Karateklubb dømte i konkurransen, og fekk godkjent dommarpraksis. Med Vidar Mjånes, Tor André Aspenes og Dan Sander Soltwedel sine nye lisensar har klubben no fire godkjente WKF-dommarar.

Torsdag i 18-tida får du sjå fleire osingar i sving på NRK1, som på Førkveld viser frå ei karatetrening.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.