Sport | 07. des. 2014

Medaljehausten held fram

Ei fantastisk helg av Sverre Lunde Pedersen, som slo verdscupleiar Kjeld Nuis i siste par og var berre 33 hundredelar bak gull i Berlin.

Medaljehausten held fram
Sverre då han tok imot sølvet etter 5000 meter i går. (Foto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. des. 2014 13:30

I går tok han sølv på 5000-meteren, i dag blei det sølv på 1500 meter på osingen og Fana-løparen Sverre Lunde Pedersen.

Sverre gjekk inn på 1.47,13 i siste par, mot den nederlandske verdscupleiaren Kjeld Nuis, som gjekk i mål på 1.47,72 og landa på 8. plass.

Sverre låg bak i starten på løpet, men kom kraftig tilbake mot slutten.

– No får vi sjå kven er Sverre verkeleg er, sa NRK-kommentatorane etter at osingen tok sin andre medalje denne helga.

Jan Szymanski i sjette par gjekk i mål på 1.46,80 og stakk av med sigeren i tredje verdscup, som i helga gjekk i Berlin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.