Kultur | 19. feb. 2010

Medan vi ventar ...

Aasmund Nordstoga, storebror til Odd, kjem til Os for å spela konsert med osingar.

Medan vi ventar ...
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. feb. 2010 14:25

Torsdag 25. februar får osingane Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland besøk av Aasmund Nordstoga på Peppes Pizza.

- Det blir eit hjarteleg gjensyn mellom gamle venar, seier Haugland.

Han og Heidi Tronsmo har jobba saman med Aasmund ved fleire høve dei siste åra. Nordstoga har den siste tida gjort seg kjent med "Ein Visefugg". Gamle skillingsviser som hit-en: "Det er mig det samme hvor jeg havner når jeg dør" har lagt heilt i salstoppen, og på radio høyrer vi ofte Nordstpgas malmfulle stemme.

- Vi skal sjølvsagt spela mange songar frå Aasmunds siste cd, og vi har leita etter songar i vårt eige arkiv, som har litt av den same folkemusikk-svungen, og som kan stå i stil til Aasmunds repertoar.

Tronsmo og Haugland har fått med seg det dyktige musikarparet Anne Leni Sæbø og Terje Neset, i tillegg til Anne Goro T. Haugland på fiolin, og Ingvild L. Nordstoga som skal fremføra nokre av sine eigne songar.

- Vi sel billettar i døra, og på Peppes og Musikkverket, seier Haugland, om konserten som er den femte i serien Mens vi venter på Oseana.

Du kan lesa meir om konserten på operaomnia.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.