Næringsliv | 13. feb. 2019

Medlemsvekst og rekordutbetaling

1,5 mill i utbyte til osingane: Coop Extra og Coop Prix med har i desse dagar utbetaling av kjøpeutbyte til medlemmar.

Medlemsvekst og rekordutbetaling
Coop Prix Os sine kundar får 112.000, Coop Extra får nesten 1,4 millionar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. feb. 2019 13:20

Coop Hordaland utbetaler i desse dagar eit rekordstort kjøpeutbyte, 39 millionar kroner for 2018, noko som er 6 millionar kroner høgare enn i fjor.

– I Coop er vi stolte over å vera annleis, spesielt når overskotet skal delast og medeigarane får utbytet sitt, seier Lise Skarpås, konstituert administrerande direktør i Coop Hordaland.

Kundane som handlar på Extra Os deler kjøpeutbyte og bonus på 1.373.864 kroner for 2018.

Coop Prix Os, som skal bli Extra, kjem utanom. Dei tilhøyrer Coop sitt dotterselskap Norsk Butikkdrift, og Prix Os sine kundar deler eit utbyte på 112.123 kroner.

Stor medlemsvekt blant yngre

Samvirkelaget Coop Hordaland har 134.000 medegarar etter god vekst i 2018.

– Delingsøkonomi er i vinden som aldri før, og treff spesielt dei yngre aldersgruppene. I 2018 fekk vi 8.500 nye medlemmar, heile 36 prosent av desse er under 30 år gamle, fortel Skarpås.

Dei har aldri vore fleire medlemmar, eller betalt ut eit større utbyte.

– Kor mange kroner det blir per medlem avhenger kor mykje dei handlar hos oss, og hos samarbeidspartnarane våre. Det held ikkje å ta totalsum og dela det på mengda medlemmar for å finna snittet, fordi folk gjerne handlar i fleire butikkar i same kjede i tillegg til bonusar som kjem frå samarbeidspartnarar.

– Kva er største utbyte til eit enkeltmedlem i Os?

– Det ønskjer vi ikkje å gå ut med.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.