Lokal | 21. feb. 2018

Meiner administrasjonen tek feil

Hjelle skule • Gisle Hesjedal (Ap) gjekk rett i strupen på administrasjonen.

Meiner administrasjonen tek feil
Gisle Hesjedal (Ap) gjekk til angrep på administrasjonen sine vurderingar i kravet om lovlegkontroll (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. feb. 2018 10:21

30. oktober vedtok kommunestyret planprogrammet for reguleringsplanen for Hjelle skule med 20 mot 15 røyster. Det fekk Gisle Hesjedal (Ap), Tone Hepsøe (Ap) og Nils-Anders Nøttseter (MDG), med støtte frå Sp og TvS til å krevja lovlegkontroll av vedtaket.

Til tysdagens møte i kommunestyret låg administrasjonen si vurdering av lovlegkontrollen til grunn for framlegget om å stadfesta planprogrammet og å senda saka til fylkesmannen.

Les historikken kort oppsummert her:

Jordvern eller skulebehov?
«Hemmeleg» dokument viste tomteval
Krev lovlegkontroll på Hjelle
– Eg er sint

Varsla ny lovlegkontroll

Gisle Hesjedal (Ap) hadde førebudd ein protokollmerknad kor han gjekk til angrep på administrasjonen sine juridiske betraktningar av saka. Med berre tre minutt taletid, måtte han faktisk ha heile tre innlegg for å komma gjennom den fire siders lange merknaden.

– Vi er ueinig med administrasjonen si vurdering. Saka handlar om lokalisering av nye skule ”aust om elvo”. Slik vi vurderer det har kommunestyret gjennom mandat gitt styringsgruppa kompetanse til å avgjera lokalisering av den nye skulen. Slikt vedtak skal styringsgruppa ha fatta 18.11.16. Dette vedtaket vart oppheva av kommunestyret 20.12.16. På trass av dette vedtok PBU oppstart av reguleringsplan 24.05.17, før kommunestyret vedtok planprogrammet i sak 97/2017. Det neste steget i prosessen er sjølve reguleringsplanen. Den reelle avgjerda om lokalisering av ny skule er derimot allereie tatt. Vi meiner derfor at det ikkje er grunnlag for å avvisa kravet om lovlegkontroll.

– Skulle derimot Fylkesmannen komma til same standpunkt som administrasjonen kan vi alt no varsla at det vil bli fremma krav om lovlegkontroll når reguleringsplan er vedtatt, opna Hesjedal.

– Argumenta fell på si eiga urimelegheit

Hesjedal heldt fram med å plukka frå kvarandre administrasjonen sin argumentasjon.

– Administrasjonen argumenterer med at Styringsgruppa ikkje er eit folkevald organ, men tvert i mot er ei intern administrativ arbeidsgruppe, og at dei såleis ikkje treng følgje kommunelova kap.6. Dersom administrasjonen hadde hatt rett så er det opplagt at det vil vore rådmannen si oppgåve både å utpeike leiar av Styringsgruppa og å gje mandat. I denne saka er det derimot kommunestyret som både har oppretta utvalet, utpeikt politisk leiar og vedteke mandatet. Administrasjonen sin argumentasjon fell derfor på si eiga urimelegheit.

– Administrasjonen viser også til eit sitat frå Prop. 152 L (2009-2010) s.9, pkt. 2.2.2, og argumenterer ut frå det at reglane om møteoffentlegheit ikkje gjeld. Men i første avsnitt etter at administrasjonen avsluttar sitt sitat kan vi lesa følgjande:

”Utgangspunktet i § 29 nr. 3 er som vist at sakshandsamingsreglane i kapittel 6 også gjeld for andre folkevalde organ, såframt kommunestyret, fylkestinget eller oppnemningsorganet «ikke bestemmer noe annet». Det inneber at det organet som fastset reglementet for organet det gjeld, er gitt fullmakt til å gjere unntak frå føresegnene i kapitlet. I slike tilfelle vil dei avvikande reglane gå føre kommuneloven. Når det ikkje er fastsett slike reglar, skal dei alminnelege reglane i kapittel 6 brukast fullt ut.”

– Kommunestyret har aldri fatta vedtak om at styringsgruppa skal vera unntatt frå reglane om møteoffentlegheit. Ergo gjeld reglane i kap. 6 i kommunelova fullt ut.

– Nok ein gong fell administrasjonen sin argumentasjon på si eiga urimelegheit, tordna Hesjedal som også argumenterte for at styringsgruppa hadde brote mandatet sitt og at ikkje alle saksopplysningane var lagt fram då plan- og bygningsutvalet handsama saka første gang.

Fekk ikkje informasjon

Han fekk støtte frå fleire, mellom anna Harald Lekven (Sp).

– Eg har lest tilsvaret. Dette er er eit juristsvar, men det er ein del direkte feil som gjer at vi ikkje kan vera bekjent med å senda det frå oss, innleia Lekven som meinte det var beviseleg feil at det berre var ein grunneigar som var interessert i å selgja.

– Det står òg at alle i kommunestyret blei informert om tomtevalet. Eg har ikkje fått det, og det veit eg at det er mange andre som ikkje har heller.

– Det at saka ikkje er av stor offentleg interesse kan heller ikkje vera riktig, argumenterte Lekven med henvising til spørsmålet om møta i styringsgruppa skulle vore opne.

Burde vore trekt

Terje Sperrevik (TvS) peika på at ein med Hesjedal sine vurderingar av jussen så var det to ulike oppfatningar av korleis den skulle tolkast.

– Eg kunne tenkt meg at rådmannen trekte saka og vurderte det som kjem fram frå Hesjedal. Eg har inga god magefølelse på å ha det som denne måten.

– Kan rådmannen stå inne for alt som står i saksutgreiinga i denne saka, undra Sperrevik.

– Dette er ikkje ein sak rådmannen kan trekke. Saka kjem innom her fordi det er vi som har fatta vedtaket. Det er fylkesmannen som tek den endelege avgjerda, poengterte ordførar Marie Bruarøy (H).

– Mi spørsmålsstilling er om rådmannen faktisk kan stå inne for den før den sendast til fylkesmannen. Det er eigentleg ei utstrekt hand. Her har Hesjedal, Nøttseter og Hepsøe gjort eit solid stykke arbeid på fritida. Det er litt av prosessen her vi må ta lærdom av, meinte Sperrevik.

– Dette er ein omkamp

MDG har vore det partiet som har vore mest kritisk til kommunen sin bruk av adhoc-utval.

– Administrasjonen kjem her med si tolking av adhoc-utvala sin natur. Då bør det vera ein debatt om kva kommunestyre ønskjer det skal vera. Det er ganske laust definert, som vi ser kan det fort bli uheldig. Difor treng vi ei presisering frå kommunestyret. Eg er klar over at det tidlegare har vore ønskeleg med ein laus form, men vi ser i denne saka at det blir uheldig. Eg skulle gjerne visst kva Eirik André Hesthamar seier om kva som blei sagt frå administrasjonen si side. Det framstår nesten som representanten Hesthamar blir umyndiggjort, meinte Bøe.

Det fekk Hesthamar (Frp) til å reagera.

– Det blir hevda at det har blitt undratt informasjon. Det har vore ei styringsgruppe som har vore breitt samansatt frå politisk nivå, administrasjon og tillitsvalde. For meg er dette ein omkamp.

– Det var ikkje eit omstritt tomteval. I utvalet var alle einige. Når det gjeld den taushetsplikten som det blir hevda utvalet var pålagt, så legg den fram. Eg har aldri signert nokon taushetserklæring. Den finnst ikkje.

– På spørsmålet om vi blir umyndiggjort, så fell det på sin eigen urimelegheit. Eg har ikkje behov for at andre politikarar på mine vegne skal seie eg er umyndiggjort, svara Hesthamar før innstillinga frå rådmannen blei vedteken med 20 (Frp/H/V) mot 15 (Ap/Sp/Krf/MDG) røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.