Lokal | 30. sep. 2016

Meiner Tysnes bør med

Fylkesmann Lars Sponheim meiner Tysnes bør bli ein del av Bjørnafjorden kommune, men vil ikkje tvinga dei i denne omgang.

Meiner Tysnes bør med
Slik ser fylkesmann Lars Sponheim for seg Hordaland etter ei fase 2 (ill: fylkesmannen)
Andris Hamrefredag 30. sep. 2016 10:31

I dag la fylkesmann Lars Sponheim fram si faglege tilråding om ny kommunestruktur i Hordaland.

Sponheim meiner at Hordaland i framtida bør bestå av 10 kommunar, kor Os, Fusa og Tysnes saman utgjer Bjørnafjorden kommune. Ei slik kommune vil då få 26 685 innbyggjarar, men han vil ikkje tvinge Tysnes med i denne omgang.

– Fylkesmannen ser ikkje at det med dette resultatet (dei frivillige samanslåingane, journ.mrk) er grunnlag i premissane for reforma å tilrå tvangssaman-slåingar i fylket. Konklusjonen vår er at dei 20 øvrige kommunane i neste runde bør slå seg saman med dei nye fem kommunane, stå åleine ( Kvinnherad, Kvam og Askøy ) eller på fritt grunnlag danne nye kommunar, skriv Sponheim før han seier at Tysnes bør slutta seg til Bjørnafjorden kommune, men at dei eventuelt kan venda seg til Sunnhordland.

Naturleg geografisk område

Om ei framtidig Bjørnafjorden kommune skriv han: «Kommunane Os, Tysnes og Fusa i lag med Austevoll utarbeidde felles intensjonsavtale i Bjørnefjordområdet. Desse tre første kommunane ( («Bjørnefjorden kommune «) dannar eit område som er naturleg geografisk avgrensa, har felles arbeidsmarknad og vil på sikt verte samanbunde med betre kommunikasjonar. Det vil vere naturleg at Tysnes sluttar seg til Fusa og Os. Alternativt kan Tysnes vende seg mot «Sunnhordland kommune». Det er også planlagt bru mellom Tysnes og Stord.

Etableringa av «Bjørnefjorden kommune» inneber at nord, sør og vest for Bergen vil det ligge 4 større kommunar med eit folketal på ca 125.000 innb. Det fører til betre balanse mellom kommunane i Bergensregionen og forbetrar grunnlaget for samordna planlegging.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.