Meir i vente
Halvmeteren som var meldt tidlegare kan vi gløyma, men det kvite teppet som dekker Os skal bli tjukkare.


For to dagar sidan trudde Yr.no at det skulle koma 70 mm nedbør laurdag 20. desember. I går reduserte dei spådd nedbørsmengd til 20 mm, men framleis i form av snø.
Og fredag i 21.30-byrja dei første små, tørre snøflaka å detta ned over Os. Temperaturen steig frå -4 til -1.
Laurdag morgon ligg snøen frå ca 1 til 10 cm tjukk, vinden har kasta den litt rundt.
• I dag skal det koma yttarlegare 14-15 mm nedbør, som snø eller sludd, mest midt på dagen, men også utover kvelden.
• Også sundag er det meldt snø i Os, men berre rundt 2 mm.
• Det er framleis meldt minusgradar så langt langtidsvarselet rekk.
Sjå vêrmelding for Osøyro.