Næringsliv | 30. mars 2015

Meir leik og lærdom

Trass bestseljande fagbøker og 30 prosent auke på spel – gode romanar er framleis avgjerande for at bokhandelen Libris Osøyro skal ha eit godt år.

Meir leik og lærdom
Rigmor Johnsen og Merete Johnsen Bjørkeli i Osøyro Libris (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 30. mars 2015 11:54

– Vi merkar det om det er ein haust Staalesen ikkje kjem med ny bok. Romanar er viktige for oss, og spesielt desse lokale forfattarane betyr mykje for omsetnaden, seier Rigmor Johnsen.

– Det gjev utslag på kassaapparatet med éin gong det kjem ein ny roman, spesielt om det er krim, av ein av dei kjente frå Vestlandet.

Nye tider

M K Olsen Bok- og Papirhandel AS, i dag kjent som Libris Osøyro, har vore i Os sentrum sidan 80-talet. Rigmor Johnsen var allereie erfaren i bransjen då ho starta, men også dottera Merete Johnsen Bjørkeli har lang fartstid mellom bokhyllene i Osbygget.

– Det er nokre år sidan vi mista omsetnaden av skulebøker til vidaregåande, og det viktge salet av kontorrekvisita er det også svært auka konkurranse på, seier Merete Johnsen Bjørkeli.

– Andelen rekvisita aukar likevel. Ei av årsakene er nok den kraftige vekstra av sal av spel, og det er ikkje berre sjakk som drar opp. Det er kjekt å sjå at fleire, trass i at det er så mykje kjekt å få på skjerm, framleis finn glede i vanlege brettspel.

Salet av brettspel har auka med 30 prosent på to år.

– Mange av kundane er dessutan ungdomsgjengar. Deu har tydelegvis har funne ut at det er minst like sosialt å spela saman som å sitja med kvar sin mobil eller fjernkontroll til Playstation.

Les om livsstil og strikking

Ved sidan av krim og andre romanar er faglitteratur ei viktig varegruppe.

– Også her ser vi gamle tradisjonar vakna til liv igjen. Dette med strikking og hekling har blitt veldig populært, og her har det kome mange fine bøker som folk har glede av.

Faglitteratur for dei som beveger seg meir er også i vinden.

– Trening, kost, koking og reise fører også til interesse for å læra meir. Her er utvalet stort, seier Merete.

TOPP 10 • ROMANER/KRIM

1. Den ene pluss en (Jojo Moyes)
2. Blod på snø (Jo Nesbø)
3. Alex (Pierre Lemaitre)
4. Løvetemmeren (Camilla Lackberg)
5. To sekunder før mirakelet (Agnes Ledig)
6. Slåttekar i himmelen (Edvard Hoem)
7. Bare et barn (Hanne Kristine Rohde)
8. En godt bevart hemmelighet (Jeffrey Archer)
9. De syv søstre (Lucinda Riley)
10. Prestens hus (Bente Bratlund)

TOPP 10 • BARN/UNGDOM

1. Karsten og Petra på biblioteket (Tor Åge Bringsværd)
2. Bukkene bruse på badeland (Bjørn F. Rørvik)
3. Da lille Larsens hus blåste bort (Jakob Martin Strid)
4. Trondheim-mysteriet (Bjørn Sortland)
5. Roma-mysteriet (Bjørn Sortland)
6. Gutta i det enorme trehuset med 39 etasjer (Andy Griffiths)
7. Divergent (Veronica Roth)
8. Den utrolige historien om den kjempestore pæra (Jakob martin Strid)
9. Vaffelhjarte (Maria Parr)
10. Gutta i det enda større trehuset med 26 etasjer (Andy Griffiths)

TOPP 10 • FAKTABØKER

1. Monika-saken (Robin Schaeffer)
2. Flettboka (Bente-Helen Schei)
3. Mat til sinns: nytelser for minnet og sinnet (Berit Nordstrand)
4. Mat med mer : hverdagsmat (Berit Nordstrand)
5. Norges låver (Eva Røyrane)
6. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu (Oddgeir Bruaset)
7. Bli best med mental trening (Erik Bertrand Larsen)
8. Den største forbrytelse (Marte Michelet)
9. Kluter : Strikking hele året (Bitta Mikkelborg)
10. 12 uker til et sunnere liv (Berit Nordstrand)

TOPP 10 • POCKET

1. Alfabethuset (Jussi Adler-Olsen)
2. Bursdagsgaven (Sue Monk Kidd)
3. Seks år (Harlan Coben)
4. Et helt halvt år ( Jojo Moyes)
5. Mormor hilsen og sier unnskyld (Fredrik Backman)
6. Sju dagar i august (Brit Bildøen)
7. Papirgutten (Kristina Ohlsson)
8. Djevelens Barn (Tvedt og Gulbrandsen)
9. Godt nok for de svina (Anita Krohn Traaseth)
10. Fanget av fortiden (Jeffrey Archer)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.