Meir lys langs Byvegen
No kan snart også gymnaselevane gå tryggare til og frå bussen.
Vegvesenet sitt prosjekt med universell utforming av fleire busstopp i Os tar med seg ein del nye lyskryss langs Byvegen.
Søfteland har allereie fått lysregulert gangfelt ved idrettsplassen og i desse dagar kjem det også lysregulering i gangfeltet ved Idrettsvegen.
– Lysa skal i drift så snart som mogleg, seier Stig Dale frå BKK.
BKK held i dag på å kopla til den andre av dei to stolpane.
– Men først skal vegvesenet merka feltet på nytt og laga stopplinjer for bilane. Og så kjem lysa til å blinka gult den første veka, så folk venner seg til det.
Når lysa blinkar gult er det som kjent "dei gamle" reglane som tel, altså vikeplikt for fotgjengarar.