Meir makt til lokalpolitikarane
Med nye retningslinjer for fylkesmennene vil Jan Tore Sanner redusera menga motsegner i plansaker.
I førre veke sendte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) eit rundskriv (H-2/14) om motsegner i kommunale plansaker, der han presiserer kva som er ønska praksis. Brevet er eit supplement til rundskriv (T-2/13) frå Miljøverndepartementet 27. august i fjor.
Nytt frå 1. januar er at ansvaret for plandelen av plan- og bygningslova er overført til kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Målet er ei meir effektiv behandling av kommunale planar "slik at viktige tiltak som boligutbygging og næringsutvikling ikke blir unødig forsinket".
Sanner vil særleg framheva at viktige interesser skal koma på bordet så tidleg som mogleg, for tidleg medverknad og dialog. Motsegner skal berre koma når det er naudsynt og når det er ei konkret årsak til å koma med motsegn.
– Lokaldemokratiet skal vektleggast sterkare framover. Eg ventar at føringane i rundskrivet blir følgt opp i praksis sånn at den kommunale planlegginga frå no blir meir målretta og effektiv, skriv kommunal- og moderniseringsministeren.
– Meir riktig maktfordeling
Helge André Njåstad (Frp) er leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. Den tidlegare Austevoll-ordføraren er nøgd med dei nye retningslinjene frå regjeringa.
– Som ordførar i 10 år i Austevoll kommune, der 8 av desse var under raudgrøn regjering, veit eg korleis det er å stadig måtta oppleva at fylkesmannen overprøvde vedtak gjort av folkevalte i kommunen.
– Det er heilt feil at ein byråkrat hos fylkesmannen i realiteten skal ha større makt enn eit kommunestyre, meiner han.
Fylkesmannen skal ivareta nasjonale interesser og sto i 2012 for over 45 % av motsegnene til kommunale reguleringsplanar og over 35 % av motsegnene til kommuneplanane sin arealdel.
– Har allereie blitt betre
I rundskrivet fortel Sanner at ei prøveordning som Hordaland og fem andre fylkeskommunar deltar i, blir vurdert å bli permanent for alle fylkesmenn frå 2015.
Ordninga går ut på at fylkesmennene samordnar alle motsegner for å koma med ei samla uttale til kommunane. Fylkesmennene kan også avfeia statlege motsegner.
Ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp), synest samarbeidet med fylkesmannen i Hordaland er langt betre enn før.
– Vi har god dialog og i fleire samanhengar har vi førehandskonferanse der vi diskuterer punkt for punkt før fylkesmannen kjem med den formelle uttalen.
– Eg meiner Sanner sitt punkt om å vera konkret om du skal koma med motsegn også er viktig. Vi har fleire gongar tidlegare fått motsegner som er vanskelege å forstå, og som gjerne viser til ei nasjonal føring som er heilt generell.
Meir makt - meir ansvar
Terje Sperrevik (TvS) har lang fartstid som opposisjonspolitikar i plan- og bygningsutvalet. Han deler Søviknes sitt syn på det å vera konkret i motsegnene.
– Eg har av og til blitt forundra over fylkesmannen. Det har kome motsegner som har vore veldig overraskande, og det har vore vanskeleg å sjå noko raud tråd i vurderingane, seier Sperrevik.
– Det kan vera nyttig å ha ei vaktbikkje, for det er ikkje alltid vi lokalpolitikarar gjer tingene riktig. Men viss fylkesmannen berre fungerer som brems er det ikkje bra.
Sperrevik har også inntrykk av at Os no har ein betre dialog med fylkesmannen, men er opptatt av at vi med meir makt lokalt i Os også må ta meir ansvar.
– Eg synest vi har vore gode på plansaker, men når vi har laga gode planar så må vi halda oss til desse.
– Eg er tilhengar av å seia ja når vi kan seia ja, men om vi viker frå planane og er raus med dispensasjonar så kan vi skapa presedens for seinare saker. Då mister vi styringa.