Næringsliv | 04. nov. 2009

Meir tiltak

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. nov. 2009 10:07

Nærare 100 personar deltok i ulike arbeidsmarknadstiltak i Midthordland i oktober. Dette er 40 fleire personar enn i september.

287 personar var heilt utan arbeid eller aktivitet denne månaden mot 311 heilt ledige arbeidssøkjarar i september.

Dette fører til at talet på heilt arbeidsledige går ned samanlikna med september, trass i at det samla sett er fleire som ufrivillig er utan løna arbeid i oktober enn i september.

Følgjer opp regjeringa si satsing
1798 hordalendingar deltok i arbeidsmarknadstiltak ved utgongen av oktober. Dette er 62 prosent fleire enn i oktober i fjor.

Nav følgjer opp regjeringa si satsing på arbeidsmarknadstiltak Tiltaka som for eksempel arbeidspraksis, arbeidsmarknadsopplæring , jobbsøkarhjelp og lønnstilskot er mykje nytta av dei lokale Nav-kontora i Midthordland og gjer at mange kjem raskare i arbeid.

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2010 å auke bruken av desse tiltaka ytterligare.

Dei fleste er i arbeid
1,1 prosent av arbeidsstyrken i Fusa kommune var ved utgongen av oktober registrert som heilt arbeidsledige. I Os kommune var talet 2,2 prosent.

Samanlikna med andre land og samanlikna med tidligare nedgangskonjunkturar er arbeidsløysa svært låg.

Mange får seg arbeid etter kort tid, melder Nav-kontoret på Os.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.