Lokal | 31. jan. 2014

Meir venting på trygg is

Viss du sit klar med skøytene må du truleg venta ei stund til.

Meir venting på trygg is
Røykenesvatnet i dag, nesten heilt dekt av is før plussgradane kjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. jan. 2014 09:00

Etter nesten to veker med stabilt, kaldt vêr i Os har det dei siste dagane byrja å koma is på fleire vatn.

Men dei som hadde håpa på trygg is og fine helger på skøyter, eller med motocross på Ulvenvatnet, må nok venta nokre veker til.

I dag er nemleg den kaldaste dagen på ei god stund, temperaturane er venta å bli høgare både i helga og utover i neste veke.

Laurdag er det meldt overskya, nokre få millimeter nedbør, 9 til 15 m/s vind og 5 plussgradar.

Søndag er det meldt litt meir nedbør og 7 varmegradar.

Sjå detaljert varsel for Osøyro på Storm vs Yr.

Utover i veka skal det bli litt kaldare, ned mot null gradar om natta på slutten av veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.