Lokal | 04. des. 2018

Meir vintervêr i vente

I natt kom sesongens første snøfall i låglandet. Til helga blir det endå kaldare.

Meir vintervêr i vente
Landboden i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. des. 2018 08:04

Det ligg eit tynt lag med våt snø på bakkar og hustak i Os i dag. I fjor kom sesongens første snø 10. november, i år fekk vi venta nesten ein månad lengre.

Fleire stadar i bergensområdet, blant anna på Vallaheiane, er det trøbbel i trafikken grunna glatt veg.

Vi kjenner førebels ikkje til uhell i Os på glatten - tips@midtsiden.no om snø eller is skaper trøbbel der du er.

Det kan koma meir sludd og snø dei neste timane og dagane.

Fuktig fredag - kald helg

Storm melder 2-3 gradar og snøbyger gjennom denne tysdagen, Yr melder 3-4 gradar, lettskya og opphaldsvêr.

Onsdag og torsdag er det meldt overskya og 2-3 gradar.

Både Yr og Storm melder 4-5 gradar og regn fredag, og 2-4 gradar og regn eller snø natt til laurdag.

Resten av helga skal bli lettskya og kald, med sol og frå -3 til 1 pluss laurdag og søndag.

I neste veke er det meldt skyfri himmel og bitande kulde, frå -9 (Storm) til -3 gradar (Yr).

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.